Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 2020 (1)

Årsmøte 2020 med foredrag om kyrkjebåtane i Hardanger Tid og stad: Sundag 15. mars kl 15.30 på Hardanger Folkemuseum

Lagt ut 4. mars 2020 - sist oppdatert 4. mars 2020

Kyrkjebåtane i Hardanger står på programmet i samband med årsmøtet til Hardanger Historielag. Båtbyggjar Peter Helland-Hansen ved Hardanger Fartøyvernsenter har stor kunnskap om dette og hadde artikkel i årboka Hardanger 2018. Han vil halda foredrag om bruken av kyrkjebåtar og dei rike tradisjonane vi har i Hardanger. Både skriftlege og munnlege kjelder, biletkunsten, fotografi og dei attverande båtane og nausta, peikar tilbake på ein stor kulturarv. Helland-Hansen har i dei siste åra arbeidd med å kartleggja desse tradisjonane og seinast i haust gjort feltarbeid for riksantikvaren. Noko av dette arbeidet vil bli presentert i foredraget.
Arrangementet startar med foredraget som er ope for alle interesserte. Deretter spanderer laget ei enkel servering før årsmøtet startar.
Vel møtt!

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag