Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.
  • Seljestad

Severine Seljestad sitt eventyrlege liv

Odda Bibliotek laurdag 2. februar kl 13.00. Gratis inngang

Lagt ut 17. januar 2019 - sist oppdatert 17. januar 2019

Odda Bibliotek laurdag 2. februar kl 13.00. Gratis inngang
Severine Seljestad er ei av jentene på det kjende fotoet frå Seljestad skysstasjon. Motivet er kjent både som foto og frimerke og det er omskrive i årboka Hardanger 2015. Torbjørg Seljestad som står med skrinet, er mest kjend. Ho var lenge hotellvertinne på Hotel Folgefonn. På bakken i bakgrunnen sit systera Severine. Ho var født i 1878 og reiste til Amerika i 1898. Då starta eit eventyrleg liv. Likevel kom ho tilbake til Seljestad, gifta seg med naboguten og busette seg på husmannsplassen nedanfor hotellet. Kva opplevde ho "over there" og kven var ho? Overgangen frå riksmannsliv i USA til små kår på Seljestad var stor. Barnebarnet Bjørn Seljestad vil visa foto og kåsera om bestemor si. Bjørn er lærar i Haugesund, men kjem frå Odda og har fritidsbustad på Seljestad.
Hardanger Historielag er arrangør i samarbeid med Odda bibliote

Hardanger Historielag er arrangør i samarbeid med Odda bibliotek.

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag