Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.
  • Kølle

Køllemaleri

Lagt ut 6. september 2018 - sist oppdatert 6. september 2018

Hardanger Historielag tilbyr interessante foredrag med etnolog Kristina Skåden i samarbeid med Hardanger folkemuseum onsdag 26/9 kl 18.30 og Haugesenteret torsdag 27/9 kl 19.30
Periferiens kunnskapshistorie - sett gjennom Kølle og Hertzberg
Catharina Kølle (1788-1859) og Niels Herzberg (1759-1841) budde i kvar sin sidearm av Hardangerfjorden, i Ulvik og Ullensvang. Hertzberg var presten som la bort ungdomsdraumen om å bli landmålar. Kølle realiserte i vaksen alder utferdstrongen sin ved å gå til Sverige, Danmark, Tyskland og Italia. Begge har etterlate seg mykje kunnskap i form av kart, tekstar og teikningar. Korleis var deira liv knytte til internasjonal vitskapsutvikling? Etnolog Kristina Skåden ved Universitetet i Oslo nøstar opp relasjonar mellom Hertzberg og Kølle og samtidige kunnskapsprodusentar som Humboldt og Goethe.
Etter foredraget blir det ope for spørsmål og drøfting med Kristina Skåden. Arrangementet er eit samarbeid mellom Hardanger Historielag og Hardanger Folkemuseum. Den 27. september held Kristina Skåden foredraget på Hauge-senteret i Ulvik

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag