Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.
  • Bård

Topptur til Samlen

Topptur Til Samlen

Lagt ut 11. august 2018 - sist oppdatert 6. september 2018

 

opptur til Samlen med  Bård Gram Økland og Hardanger Historielag
Samlen er eit karakteristisk fjell som stikk fram i Hardangerfjorden i Jondal kommune. Søndag 19. august kan du få ein flott og interessant topptur utan å klatra i motbakke heile dagen. Møt fram ved Åsleitet 3,7 km nord for Herand. Området representerer mykje lokalhistorie og vi er heldige å ha med Bård Gram Økland som guide på turen. Bård er arkeolog og medforfattar til verket Hardanger - ei regionhistorie og han skriv lokalhistorie frå Herand. Til dagleg er han konservator ved sjøfartsmuseet i Bergen.
Frå Samlen er utsikten til Hardangerfjorden, Mælen, Herandsholmen og Kvam heilt maksimal, og turen blir ekstra kjekk med historiske innslag undervegs. Ta med mat og drikke, vindtette klede og gode sko - det er bratte parti innimellom. Bruk sjansen, bli med på tur med Hardanger Historielag.

Topptur til Samlen med  Bård Gram Økland og Hardanger Historielag

Samlen er eit karakteristisk fjell som stikk fram i Hardangerfjorden i Jondal kommune. Søndag 19. august kl. 11.00  kan du få ein flott og interessant topptur utan å klatra i motbakke heile dagen. Møt fram ved Åsleitet 3,7 km nord for Herand. Området representerer mykje lokalhistorie og vi er heldige å ha med Bård Gram Økland som guide på turen. Bård er arkeolog og medforfattar til verket Hardanger - ei regionhistorie og han skriv lokalhistorie frå Herand. Til dagleg er han konservator ved sjøfartsmuseet i Bergen.

Frå Samlen er utsikten til Hardangerfjorden, Mælen, Herandsholmen og Kvam heilt maksimal, og turen blir ekstra kjekk med historiske innslag undervegs. Ta med mat og drikke, vindtette klede og gode sko - det er bratte parti innimellom. Bruk sjansen, bli med på tur med Hardanger Historielag.

 

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag