Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.
  • Leiar

Kulturhistoriske dagar 2018 på Voss

Kulturhistoriske dagar 7-8. april 2018 på Voss

Lagt ut 22. april 2018 - sist oppdatert 22. april 2018

Voss sogelag sto for dei kulturhistoriske dagane og årsmøtet til Hordaland sogelag 2018. Leiar i Hardanger historielag, Marit Bleie Mannsåker og styremedlem Brita Jordal representerte styret vårt i år.

Årsmøtet vart greitt avvikla og Knut Farestveit vart attvald som leiar for eit nytt år. Hordaland Sogelag har ein god arbeidsplan og styret arbeider godt. Bømlo tur-og sogelag, Etne sogelag, Tysnes sogelag og Fjell kulturminnelag er representert i styret.
Vossingane hadde lagt opp eit svært kjekt program for dei 30 deltakarane frå 16 lokallag (av i alt 33) som var med. Vi gjekk over den legendariske Tintrabrua, fekk grundige orienteringar på Bergslitræet der dei kjende Bergslien-kunstnarane Brynjulf og Knut vaks opp, og vi hadde eit opplevingsrikt besøk i Hedleberget på Kyte. http://www.hedlebergetvoss.no/ Dagen etter gav museumsstyrar Eirik Helleve ei lærerik og humoristisk omvising i Mølstertunet og presenterte den flotte 3D-modellen av Voss sentrum anno 1930, slik det såg ut før tyske bombefly øydela store deler av Vossevangen. Vi kan trygt slå fast at Voss har mange og varierte besøksmål for kulturinteresserte. Sjå sjølv på nettsidene.https://www.visitvoss.no/kva-skjer/ope-pa-bergslitraeet-p3420733
Til sist vil vi oppmoda medlemene våre om å følgja med på nettsida til Hordaland sogelag der dei annonserer turar for kvar sommarsesong. Årets tur går til Scottland og Shetland og er diverre alt fullteikna.
Brita Jordal

Voss sogelag sto for dei kulturhistoriske dagane og årsmøtet til Hordaland sogelag 2018. Leiar i Hardanger historielag, Marit Bleie Mannsåker og styremedlem Brita Jordal representerte styret vårt i år.

Årsmøtet vart greitt avvikla og Knut Farestveit vart attvald som leiar for eit nytt år. Hordaland Sogelag har ein god arbeidsplan og styret arbeider godt. Bømlo tur-og sogelag, Etne sogelag, Tysnes sogelag og Fjell kulturminnelag er representert i styret.

Vossingane hadde lagt opp eit svært kjekt program for dei 30 deltakarane frå 16 lokallag (av i alt 33) som var med. Vi gjekk over den legendariske Tintrabrua, fekk grundige orienteringar på Bergslitræet der dei kjende Bergslien-kunstnarane Brynjulf og Knut vaks opp, og vi hadde eit opplevingsrikt besøk i Hedleberget på Kyte.

http://www.hedlebergetvoss.no/

Dagen etter gav museumsstyrar Eirik Helleve ei lærerik og humoristisk omvising i Mølstertunet og presenterte den flotte 3D-modellen av Voss sentrum anno 1930, slik det såg ut før tyske bombefly øydela store deler av Vossevangen. Vi kan trygt slå fast at Voss har mange og varierte besøksmål for kulturinteresserte. Sjå sjølv på nettsidene.

https://www.visitvoss.no/kva-skjer/ope-pa-bergslitraeet-p3420733

Til sist vil vi oppmoda medlemene våre om å følgja med på nettsida til Hordaland sogelag der dei annonserer turar for kvar sommarsesong. Årets tur går til Scottland og Shetland og er diverre alt fullteikna.

Brita Jordal

 

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag