Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.
  • Birgit

Årsmøte 18.mars - 2018

Lagt ut 7. mars 2018 - sist oppdatert 12. mars 2018

Årsmøte i Hardanger Historielag og miniseminar:
Aga-arkivet. Kva skattar kan finnast i ei kiste med gamle papir?
Sundag 18. mars kl 15 (Miniseminar 15.30) på Hardanger folkemuseum, Utne
Me ønskjer velkomen til årsmøte 2018. Etter dei vanlege årsmøtesakene vert det miniseminar -  i år med fokus på arkiv.  Her fortel Birgit Jaastad om 10 års arbeid med papira på eit loft på Aga. Korleis kom arbeidet i gang og kva fanga interessa? Korleis gjekk ho fram for å sikre og ordne samlinga av brev og dokument? Arbeidet med Aga-arkivet kan ha overføringsverdi for andre som sit på liknande skattar, kanskje utan å vita at dei er nettopp det.
Birgit Jaastad er cand.philol. /lektor frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd med Aga-arkivet sidan 2007, skrive fleire artiklar og halde kåseri med emne frå dette.
Open kafé frå kl 14 - velkomen!

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag