Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.
  • FruktFinn

Årsmøte 2017

Årsmøte 2017

Lagt ut 14. mars 2017 - sist oppdatert 14. mars 2017

Årsmøte i Hardanger Historielag og miniseminar om frukthistorie!
Sundag 19. mars kl 15 ( Miniseminar 15.30) på Hardanger folkemuseum, Utne
Me ønskjer velkomen til årsmøte i historielaget sundag 19.mars. Som før vert det miniseminar etter møtet og i år har me fokus på frukt. Finn Måge presenterer boka Norsk frukthistorie som kom ut hausten 2016.  Med utgangspunkt i Hardanger fortel Finn Måge den lange historia om fruktdyrking i Noreg. Han tek for seg heile det norske fruktlandet og følgjer utviklinga fram til vår tid. Forfattaren presenterer fruktsortar som har vore dyrka her til lands og fortel detaljert om dyrkningsmetodar, lagring, sortering, emballering, pakking, distribusjon, omsetningsstatistikk og fruktutstillingar. Utviklinga av fruktdyrking som næringsveg er eit sentralt tema i boka.
Boka var eit av fire prosjekt som fekk støtte frå historielaget i 2016.
Etter presentasjonen vert det boksal og signering. Gjer merksame på at seminaret er ope for alle fruktinteresserte.
Velkomen!

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag