Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.
  • Herand

Tur til Herand

Bli med til Herand og møt den første harding. 28. august

Lagt ut 18. august 2016 - sist oppdatert 18. august 2016

Herand har mykje å by på av kultur, historie og naturopplevingar. Hardanger Historielag  inviterer difor alle, medlemer og alle interesserte, til eit breitt program sundag den 28. august 2016. Jon Steinar Skeie er kjentmann og omvisar og tek oss med i fjøresteinane, på oppgangssaga, på båtbyggjarverkstaden, på krambua, i natur- og kulturstien og på det kulturhistoriske senteret i gamleskulen.  La deg kort og godt imponera over kva lokale krefter i Herand har fått til!

Programmet
Vi startar på Kulturhistorisk senter kl 10.00 med den moderne utstillinga "Ei reise gjennom 9000 år". Vi får vidare bli kjende med helleristningar og går turstien der vi altså ser dei fyrste spor etter  menneske i Hardanger og nausttomta frå folkevandringstida. Etter ei matøkt, går turen til oppgangssaga ved elva der vi får sjå saga i drift før vi besøkjer båtbyggjarverkstaden og den sjarmerande krambua.. Programmet går til ca 16.30. Du kan sjølv velje å vere med anten deler eller heile dagen. Ingen påmelding. Berre møt fram ved Kulturhistorisk senter eller finn oss rundt i bygda.
Viktig:
Alle tar med seg mat og drikke for dagen. (Meieriet Restaurant er no stengt.) Kulturprogrammet på det historiske senteret, saga og verkstaden, kostar samla kr 150,- pp. Spørsmål kan stillast til Olav Taskjelle 971 51 415 eller olav@taskjelle.no.
Ferjetider
Tidene er forsøkt tilpassa ferjetider (sundagsruter) både frå Tørvikbygd og Kvanndal.  Ferje frå Tørvikbygd går 8.40. Fyrste frå Kvanndal går 0800, neste 9.00. Fyrste frå Kinsarvik går diverre ikkje før 9,25, neste 10.25.  https://www.norled.no/kart-og-rutetider/ferje/hordaland/
Bli med
Herand Landskapspark har eit prislønna kulturlandskap og ligg som ei perle midt i Hardanger ved foten av Folgefonna Nasjonalpark. Ein unik topografi har gitt rom for eit avgrensa bygdesentrum der alle kulturminna er samla innan gangavstand og skaper eit autentisk miljø ein knapt finn maken til. http://www.herandlandskapspark.no/ Vi håpar mange vil bli med historielaget på turdagen.
Turen er open både for medlemmer og andre. Men dersom du har lyst til å bli medlem i Hardanger Historielag (du får då tilsendt årboka mm), finn du info og innmeldingsskjema på nettsida vår. Det kostar då berre 100,- første året.
For Hardanger Historielag, Olav Taskjelle og Brita Jordal

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag