Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.
  • Samlen

Tur til Samlen

Bli med til Herand 28. august. ENDRA! Sjå siste oppslag.

Lagt ut 9. juli 2016 - sist oppdatert 18. august 2016

 

Herand har mykje å by på av kultur, historie og naturopplevingar. Hardanger Historielag inviterer dirfor alle, medlemer og alle interesserte, til eit breitt program sundag den 28. august 2016. Du kan vera med heile dagen eller berre halve dagen, men NB!: du må melda deg på om du skal ha mat. Jon Steinar Skeie vert med som kjentmann og omvisar.
Kl  9.30 - 12.00. Vi startar på Kulturhistorisk senter og den moderne utstillinga "Ei reise gjennom 9000 år". Vi får vidare bli kjende med helleristningar, båtbyggjing, nausttomta frå folkevandringstida og oppgangssaga ved elva.
Kl 12.00 - 12.45. Mat på Meieriet Restaurant. Vi tingar på førehand. NB Påmelding til Olav Taskjelle 971 51 415 eller olav@taskjelle.no
Kl 13.00 - ca 17.00 Tur til den karakteristiske nuten Samlen, 686 m.o.h. Start frå parkeringsplassen på Åsleitet, ca 250 m.o.h. Terrenget kan vera litt krevjande nokre stader, men gangtida er berre ca 3 timar tur/retur. På toppen opnar det seg ei spektakulær utsikt utover og innover Hardangerfjorden. Vil du ha fleire opplysningar om Samlenterrenget, sjå http://www.visitjondal.no/vandring/tur1_samlen.htm.
Dei som berre vil vera med til Samlen kan møta på Åsleitet. Kvar tar med seg mat og drikke til turen. Er veret dårleg, tak vi turstien i Herand i staden.
Tidene er forsøkt tilpassa ferjetider (sundagsruter) både frå Tørvikbygd og Kvanndal.  Ferje frå Tørvikbygd går 8.40. Fyrste frå Kvanndal går 0800, neste 9.00. Fyrste frå Kinsarvik går diverre ikkje før 9,25, neste 10.25.  https://www.norled.no/kart-og-rutetider/ferje/hordaland/
Herand er ei vakker bygd med mykje historie og initiativrike hardingar. Vi håpar mange vil bli med oss på turdagen. Alle er velkomne, men har du lyst til å bli medlem i Hardanger Historielag og få årboka til ein god pris, finn du info og innmeldingsskjema på nettsida vår. Det kostar då berre 100,- første året.
Herand Landskapspark har eit prislønna kulturlandskap og ligg som ei perle midt i Hardanger ved foten av Folgefonna Nasjonalpark. Ein unik topografi har gitt rom for eit avgrensa bygdesentrum der alle kulturminna er samla innan gangavstand og skaper eit autentisk miljø ein knapt finn maken til, kan vi lesa på http://www.herandlandskapspark.no/
For Hardanger Historielag, Brita Jordal

Herand har mykje å by på av kultur, historie og naturopplevingar. Hardanger Historielag inviterer dirfor alle, medlemer og alle interesserte, til eit breitt program sundag den 28. august 2016. Du kan vera med heile dagen eller berre halve dagen, men NB!: du må melda deg på om du skal ha mat. Jon Steinar Skeie vert med som kjentmann og omvisar.

Kl  9.30 - 12.00. Vi startar på Kulturhistorisk senter og den moderne utstillinga "Ei reise gjennom 9000 år". Vi får vidare bli kjende med helleristningar, båtbyggjing, nausttomta frå folkevandringstida og oppgangssaga ved elva.

Kl 12.00 - 12.45. Mat på Meieriet Restaurant. Vi tingar på førehand. NB Påmelding til Olav Taskjelle 971 51 415 eller olav@taskjelle.no

Kl 13.00 - ca 17.00 Tur til den karakteristiske nuten Samlen, 686 m.o.h. Start frå parkeringsplassen på Åsleitet, ca 250 m.o.h. Terrenget kan vera litt krevjande nokre stader, men gangtida er berre ca 3 timar tur/retur. På toppen opnar det seg ei spektakulær utsikt utover og innover Hardangerfjorden. Vil du ha fleire opplysningar om Samlenterrenget, sjå http://www.visitjondal.no/vandring/tur1_samlen.htm.

Dei som berre vil vera med til Samlen kan møta på Åsleitet. Kvar tar med seg mat og drikke til turen. Er veret dårleg, tek vi turstien i Herand i staden.

Tidene er forsøkt tilpassa ferjetider (sundagsruter) både frå Tørvikbygd og Kvanndal.  Ferje frå Tørvikbygd går 8.40. Fyrste frå Kvanndal går 0800, neste 9.00. Fyrste frå Kinsarvik går diverre ikkje før 9,25, neste 10.25.  https://www.norled.no/kart-og-rutetider/ferje/hordaland/

Herand er ei vakker bygd med mykje historie og initiativrike hardingar. Vi håpar mange vil bli med oss på turdagen. Alle er velkomne, men har du lyst til å bli medlem i Hardanger Historielag og få årboka til ein god pris, finn du info og innmeldingsskjema på nettsida vår. Det kostar då berre 100,- første året.

Herand Landskapspark har eit prislønna kulturlandskap og ligg som ei perle midt i Hardanger ved foten av Folgefonna Nasjonalpark. Ein unik topografi har gitt rom for eit avgrensa bygdesentrum der alle kulturminna er samla innan gangavstand og skaper eit autentisk miljø ein knapt finn maken til, kan vi lesa på http://www.herandlandskapspark.no/

For Hardanger Historielag, Brita Jordal

 

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag