Årsmøte og miniseminar om frukt
Me ønskjer vel møtt til årsmøte i Hardanger
Historielag sundag 3. april kl 17 på Hardanger
folkemuseum.
Seminardelen i år handlar om frukt. Lars O Bleie,
mangeårig fruktdyrkar, ser på den historiske utviklinga av
næringa. Korleis skaffa fruktdyrkarane seg kunnskap ? Kva rolle
spela til dømes fotograf Knud Knudsen ? Asbjørn Børsheim, frå
Ulvik frukt&cideri, legg vekt på siderprodusjon i sitt
innlegg; produktutvikling, samarbeid med andre land og
Hardanger-profil. Det vert ope for drøftingar og spørsmål
etter innlegga. Merk dykk at seminardelen er open for alle
interesserte.
Årsmøtet for medlemmer startar kl 17, seminar
om frukt kl 17.30.
Elles vert det open kafé med kaffi og
heimebakst, i museumsbutikken kan ein kjøpa praktverket Hardanger
ei regionhistorie mellom anna.
Me ønskjer velkomen sundag 3. april!
Årsmøte og miniseminar om frukt
Me ønskjer vel møtt til årsmøte i Hardanger Historielag
sundag 3. april kl 17 på Hardanger folkemuseum.
Seminardelen i år handlar om frukt. Lars O Bleie, mangeårig
fruktdyrkar, ser på den historiske utviklinga av næringa.
Korleis skaffa fruktdyrkarane seg kunnskap ? Kva rolle spela til
dømes fotograf Knud Knudsen ? Asbjørn Børsheim, frå Ulvik
frukt&cideri, legg vekt på siderprodusjon i sitt innlegg;
produktutvikling, samarbeid med andre land og
Hardanger-profil. Det vert ope for drøftingar og spørsmål
etter innlegga. Merk dykk at seminardelen er open for alle
interesserte.
Årsmøtet for medlemmer startar kl 17, seminar om frukt kl
17.30.
Elles vert det open kafé med kaffi og heimebakst, i
museumsbutikken kan ein kjøpa praktverket Hardanger ei
regionhistorie mellom anna.
Me ønskjer velkomen sundag 3. april!