Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.
  • Seljestad

Om Hardingar, foto og forteljingar

Lagt ut 13. november 2015 - sist oppdatert 14. november 2015

 

Hardanger Historielag og NVIM inviterer til Litteraturhuset, Sentralbadet.
Om Hardingar, foto og forteljingar
Litteraturhuset, Odda sundag 22. november kl 16
I år vart  tre bands verket,  Hardanger - ei regionhistorie lansert. Med dette var eit 30 årig prosjekt i regi av historielaget sluttført.
I samarbeid med NVIM skipar no laget til eit historietreff  på Litteraturhuset, Sentralbadet sundag 22. november. Her vil medredaktør for regionhistoira, Ståle Dyrvik og medforfattar Jon Ragnar Myking bidra med føredrag og kåseri.  Ståle Dyrvik vil saman med Siri Jordal frå NVIM  ta utgangspunkt i Aksel Lindahl sitt kjende foto frå Seljestad. Kvar er historia bak fotoet ? Kven er jentene på biletet ? Eitt og same historiske foto kan vere knytt til ulike forteljingar.
Deretter vil professor i historie Jon Ragnar Myking kåsere kring den sjølvmedvitne Hardingen. Kva har bidrege til dette biletet? Kva har kontakta med omverda tydd ? Myking var med å skrive Strilesoga og ser på Hardingen med dette som bakteppe.
Etter føredraga er det høve til å kjøpe Hardanger- ei regionhistorie og Årboka Hardanger.
Kafé med kaffi og kaker.
Billettpris kr 70 / gratis for medlemmer i HH.
Me ønskjer hjarteleg velkomen!
Hardanger Historielag og NVIM inviterer til Litteraturhuset, Sentralbadet.
Om Hardingar, foto og forteljingar
Litteraturhuset, Odda sundag 22. november kl 16
I år vart  tre bands verket,  Hardanger - ei regionhistorie lansert. Med dette var eit 30 årig prosjekt i regi av historielaget sluttført.
I samarbeid med NVIM skipar no laget til eit historietreff  på Litteraturhuset, Sentralbadet sundag 22. november. Her vil medredaktør for regionhistoira, Ståle Dyrvik og medforfattar Jon Ragnar Myking bidra med føredrag og kåseri.  Ståle Dyrvik vil saman med Siri Jordal frå NVIM  ta utgangspunkt i Aksel Lindahl sitt kjende foto frå Seljestad. Kvar er historia bak fotoet ? Kven er jentene på biletet ? Eitt og same historiske foto kan vere knytt til ulike forteljingar.
Deretter vil professor i historie Jon Ragnar Myking kåsere kring den sjølvmedvitne Hardingen. Kva har bidrege til dette biletet? Kva har kontakta med omverda tydd ? Myking var med å skrive Strilesoga og ser på Hardingen med dette som bakteppe.
Etter føredraga er det høve til å kjøpe Hardanger- ei regionhistorie.
Kafé med kaffi og kaker.
Billettpris kr 70 / gratis for medlemmer i HH.

Foto: Aksel Lindahl.

 

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag