Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.
  • 123

Regionhistorie

REGIONHISTORIA ER NO FOR SAL!

Etter ei historisk lansering av bokverket laurdag 18.april er Hardanger ei regionhistorie klar for sal.

Medlemmene til Hardanger historielag får framleis høve til å kjøpe trebandsverket  til redusert pris. Ordinært kostar verket kr 1199,- spesialpris for medlemmer er kr 990,- og fritt levert heim. Du kan tinga verket slik:

1.Gå inn på  haugenbok.no og  nytt  rabattkoden Hardanger i trinn 2 i tingingsprosessen.  Ein kan óg kontakta Haugenbok på telefon 70074500 eller epost@haugenbok.no  for å tinge verket.

Alternativt  kan medlemmer kjøpe og hente  bøkene på Hardanger folkemuseum som har medlemslister.

Gå direkte til verket ved å klikke på denne lenka:

http://www.haugenbok.no/Hardanger-I-III/I9788245010701

 

Hardanger - Ei regionhistorie er rikt illustrert og byr på unik lokalhistorie frå før år 1750 og fram til i dag.

Hardanger ei regionhistorie  er den første samla framstellinga av historia til Hardanger - frå istid til i dag.

Band 1 fortel om utviklinga frå steinalderen og fram mot jordbrukssamfunnet kring 1750.

Band 2 fortel om moderniseringa av bondesamfunnet fram mot 1900.

Band 3 fortel om tida etter at storindustrien og fruktdyrkinga for alvor gjorde sitt inntog i regionen etter 1900.

Utsalsstader:

Handel & Handverk ULVIK

Hardanger Folkemuseum UTNE

Ølen Bok og Papir ØLEN

Hillesland Libris Karmsund KARMSUND

Vossevangen Libris VOSS

Arna Libris INDRE ARNA

Huus Bokhandel A/S ØYSTESE

Norli Lagunen Storsenter RÅDAL

Norli Asker (Trekanten) ASKER

Rosendal Bokhandel ROSENDAL

Styrk Nordborg BERGEN

Spar Kinsarvik KINSARVIK

Joker Utne UTNE

Mathuset Grimo AS GRIMO

Joker Omastrand OMASTRAND

Coop Marked Granvin GRANVIN

Coop Marked Ulvik ULVIK

Spar Nå

Hotell Ullensvang LOFTHUS

Coop Marked Tørvikbygd TØRVIKBYGD

Næsheim & CO (Joker Eidfjord) EIDFJORD

Vaage bok og leker AS JEVNAKER

 

 

 

 

 

 

 

2013

Hardanger - ei regionhistorie

Hardanger har vorte sjølve symbolet på det norske, men er likevel noko for seg sjølv.

Hardanger, ei regionhistorie, vert gitt ut i tre rikt illustrerte band våren 2015. Verket fortel historia om folket langs fjorden, frå dei første jegerane busette seg

under ein heller i Herand, til den dagen bilane byrja kryssa brua over fjorden mellom Bu og Vallavik. Budsjettet har vore på 6.5 mill. Laget har sjølv gått inn med 1,15 mill.

Forfattarane er : Svein Ivar Angell, Martin Byrkjeland, Knut Grove, Herdis Kolle,

John Ragnar Myking, Jo Rune Ugulen og Bård Gram Økland

HARDANGER - EI REGIONHISTORIE

Band 1 fortel om utviklinga frå steinalderen og fram

mot jordbrukssamfunnet kring 1750.

Band 2 fortel om moderniseringa av bondesamfunnet

fram mot 1900.

Band 3 fortel om tida etter at storindustrien og fruktdyrkinga

for alvor gjorde sitt inntog i regionen etter  1900.

 

 

 

 

 

2007

Hardanger treng eit bokverk som omfattar heile regionen og set historia inn i nye perspektiv. Verket skal retta seg mot hardingar og lesarar i vår tid. Målet er at verket vert så viktig og flott at alle må ha det i bokhylla.
Forfattarane er for lengst i gang med å skriva og dei møtest jamleg på huset til Fagbokforlaget i Bergen for å drøfta og samordna manuskripta. Dei røynde historikarane Edgard Hovland og Ståle Dyrvik føl godt opp som fagkonsulentar på vegne av Fagbokforlaget og historielaget og kjem med merknader og gode innspel. Leiar i Hardanger Historielag Marit Bleie Mannsåker møter og på forfattarsamlingane og føl elles opp søknads- og finansieringssida i lag med forretningsførar Øystein Pugerud.
Forfattarane er Svein Ivar Angell, Bård Gram Økland, John Ragnar Myking, Herdis Kolle,
Jo Rune Ugulen, Martin Byrkjeland og Knut Grove. Forlagsredaktør er Dag Grønnestad, og Harald Hognerud er engasjert som fotograf.
Trebindsverket omfattar spennet frå dei eldste tider til vår eiga tid. Dette krev eit omfattande arbeid  og er eit stort økonomisk løft. Budsjettet er på .. mill. Laget har sjølv gått inn med .. mill. Sponsorane er …
Historia peikar heile tida framover.
Skaparkraft, frå fjord og fjell, i foss og bølgje.
Næring, samfunn og kultur.
Alt blir grundig omtalt i dette historieverket som vil
setja sitt preg på kjensla av å høyra Hardanger til.

Regionhistorie for Hardanger kjem ut i tre band på Fagbokforlaget hausten 2014. Med dette når Hardanger Historielag målet som har stått øvst på arbeidsplanen i mange år. Vi ser verkeleg fram til den storhendinga i laget si historie.

Hardanger treng eit bokverk som omfattar heile regionen og set historia inn i nye perspektiv. Verket skal retta seg mot hardingar og lesarar i vår tid. Målet er at verket vert så viktig og flott at alle må ha det i bokhylla.

Forfattarane er for lengst i gang med å skriva og dei møtest jamleg på huset til Fagbokforlaget i Bergen for å drøfta og samordna manuskripta. Dei røynde historikarane professor emeritus Edgar Hovland og professor Ståle Dyrvik føl godt opp som fagkonsulentar på vegne av Fagbokforlaget og historielaget og kjem med merknader og gode innspel. Leiar i Hardanger Historielag Marit Bleie Mannsåker møter og på forfattarsamlingane og føl elles opp søknads- og finansieringssida i lag med forretningsførar Øystein Pugerud.

Forfattarane er Svein Ivar Angell, Bård Gram Økland, John Ragnar Myking, Herdis Kolle, Jo Rune Ugulen, Martin Byrkjeland og Knut Grove. Forlagsredaktør er Dag Grønnestad, og Harald Hognerud er engasjert som fotograf.

Trebindsverket omfattar spennet frå dei eldste tider til vår eiga tid. Dette krev eit omfattande arbeid  og er eit stort økonomisk løft. Budsjettet er på 6.5 mill. Laget har sjølv gått inn med 1,15 mill.

Historia peikar heile tida framover.

Skaparkraft, frå fjord og fjell, i foss og bølgje.

Næring, samfunn og kultur.

Alt blir grundig omtalt i dette historieverket som vil

setja sitt preg på kjensla av å høyra Hardanger til.

 

 

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag