Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

2015

Referat for årsmøte i Hardanger Historielag 18.04.15 på Hardanger folkemuseum, Utne

Frammøtte: 43 (22) medlemer.

Sak 1 Velkomen

Leiaren, Helena Kjepso, ynskte velkomen.

Sak 2 Innkalling

Ingen merknad, samrøystes godkjend.

Sak 3 Saklista

Ingen merknad, samrøystes godkjend.

Sak 4 Konstituering

Marit Bleie Mannsåker vart vald til møteleiar og Brita Jordal til skrivar, samrøystes.

Sak 5 Val av to medlemmer til å skriva under møteboka

Otto Vikane og Inge Reinsnos vart samrøystes valde.

Sak 6 Årsmelding 2014

Møteleiar gjekk gjennom årsmelding for 2014.

Ingen merknad, samrøystes vedteken.

Sak 7 Rekneskap 2014

Forretningsførar Øystein Pugerud la fram rekneskapen og møteleiar las opp revisjonsmeldinga.

Ingen merknad, samrøystes vedteken.

Styret hadde slikt framlegg til fordeling av overskotet på kr 84 551: 40 000,- skal dekkja siste innbetaling på Regionshistorien - og kr 44 551,- skal overførast til laget sin eigenkapital.

Styret si innstilling vedteke, samrøystes.

Sak 8 Budsjett 2015

Øystein Pugerud las opp styret sitt framlegg. Då fylkestilskotet fell vekk i si noverande form, føreslår styret å leggja på medlemsprisen med kr 16,- til 236,-

Styret si innstilling vedteke, samrøystes.

Sak 9 Val

Møteleiar las valnemnda si innstilling: Leiar: Helena Kjepso

Styremedlemer: Brita Jordal, Odda for to år, Olav Taskjelle, Granvin to år.

Harald Olav Aksnes, Kvam og Marit Bleie Mannsåker, Odda var ikkje på val

Varafolk i nummerrekkefylgje valde for eitt år: Otto Galtung, Jondal, Hildeborg Dalaker, Ulvik

Odlaug Måge, Ullensvang, Magnhild Brandstveit, Granvin, Hans Hellevang, Eidfjord

Revisor: Olaug Igland Bleie, attvald for eitt år. Vara: Jakob T. Bleie, attvald for eitt år.

Valnemnd: Grethe Møllendal Hereid, Eidfjord, ikkje på val, Kristi Skintveit, Jondal, ikkje på val,

Per Frode Bu, ny for tre år. Vara: Øyvind Aarekol, Kvam, ny for eitt år. Alle samrøystes valde.

Utsending til Hordaland Sogelag: Helena Kjepso vart vald. Ho kan delegera til andre i styret.

Samrøystes.

Helena Kjepso takka og overrekte heiderskrus til Jarle Vangen som gjekk ut av styret etter åtte år.

Etter årsmøtet var det lanseringsarrangement for Hardanger - ei regionhistorie.

Brita Jordal - skrivar

Otto Vikane Inge Reinsnos

ÅRSMØTE 2015
Årsmøte for medlemmer vert på Hardanger folkemuseum laurdag 18. april kl 1400.
Klokka 1500 vert det lansering av bokverket Hardanger - ei regionhistorie.
Program
Presentasjon av verket
Kåseri om Hardingen
Boksal og kafé. Gratis inngang og ope for alle.
Ferje frå Utne kl 13.00
Ferje frå Kinsarvik kl 13.35
Utne Hotel har eigen lanseringsmeny og gode tilbod på overnatting.
For tingingar, ta direkte kontakt med hotellet, tlf: 53 66 64 0
Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag