Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

2013

Årsmøte 2013

Årsmøte i Hardanger Historielag 10. mars 2013 kl 1430 på Hardanger Folkemuseum, Utne.

23(16) frammøtte medlemer.
Sak 1 Velkomen-
Leiaren Marit Bleie Mannsåker ønskte velkomen.
Sak 2 Innkalling.
Det var ingen merknader til innkallinga.
Sak 3 Sakliste
Denne var utdelt i forkant av møtet saman med årsmelding og rekneskap. Ingen merknader.
Sak 4 Konstituering
Marit Bleie Mannsåker vart vald til møtestyrar og Arne L. Aksnes til referent.
Sak 5 Val av to  medlemer til å skriva under møteboka
Olav Skeie, Norheimsund og Knut Nes, Ulvik vart valde.
Sak 6 Årsmelding 2012
Arne L. Aksnes gjekk gjennom denne.
Styret i meldingsåret:
Marit Bleie Mannsåker, Odda, leiar vald for eitt år.
Helena Kjepso, Voss, nestleiar, vald til styret for 2 år i 2012.
Arne L. Aksnes, Kvam, skrivar, vald til styret for 2 år i 2012.
Jarle Vangen, Odda, vald til styret for 2 år i 2011.
Kristoffer Frimann Hjeltnes, Ulvik, vald til styret for 2 år i 2011.
Varamedlemer (valde for eitt år).
1. Brita Jordal, Odda, møter fast.
2. Hildeborg Dalaker, Ulvik.
3. Otto Galtung, Jondal.
4. Odlaug Måge, Ullensvang.
5. Magnhild Brandstveit, Granvin.
Revisor (valde for eitt år):
Olaug Igland Bleie, Nå.
Vara: Jakob T. Bleie, Nå.
Forretningsførar:
Øystein Pugerud, Grimo.
Valnemnd:
1. Kåre Grønsnes, Ullensvang, leiar.
2. Lars O. Bleie, Ullensvang.
3. Hans S. Velken, Granvin.
Grete Møllendal Hereid, Eidfjord, vara.
Utsending til årsmøtet i Hordaland Sogelag:
Marit Bleie Mannsåker. Styret peikar ut varautsending.
Redaksjonsnemd for årboka "Hardanger" 2012.
Knut Markhus og Tina Kjerland, redaktørar. Harald Hognerud, biletredaktør.
Årsmøtet 2012 vart halde på Hardanger Folkemuseum, Utne, laurdag 25. februar 2012 der det var 16 frammøtte medlemer. Årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjende. Rekneskapet viste ein totalomsetnad på kr 386 531,- og eit årsoverskot på kr 70 511,-. Årsmøtet godkjende framlegget frå styret om å disponera kr 60 000,- av dette til Regionhistoria. Det er i meldingsåret 939 (986)  betalande medlemer i Hardanger Historielag.
Fagforedraga i etterkant av årsmøtet hadde tilknyting til arbeidet med Regionhistoria der Herdis Kolle fortalde om skulehistoria i Hardanger medan Knut Grove hadde dei frivillige organisasjonane som tema.
Styrearbeidet i meldingsåret:
Det er halde 5 styremøte og handsama i alt 41 bokførde saker med tillegg av meldingssaker til styret. Etter invitasjon frå Hardanger Historielag har Hordaland Sogelag lagt sitt årmøte og lokalhistoriske dagar til Tyssedal/Odda. Brita Jordal og Arne Aksnes frå styret har lagt ned eit stort arbeid i planleggjing og tilrettelegging av dagane. Hovudtema vil vera turisme, vasskraft og byutvikling i Odda og Tyssedal med fagforedrag av m.a. Knut Markhus og Randi Bårtvedt. Guida busstur i Odda og Tyssedal med forfattar/journalist Eva Røyrane. Fagforedrag og utferd vil vera opne arrangement for alle interesserte. Det er ikkje halde styreseminar dette året.
Økonomi:
Årsrekneskapen for 2012 viser ein samla omsetnad på kr 330 045,- og eit ordinært resultat på kr 18376,- mot budsjettert kr 8000,- Balansen viser ein total eigenkapital for historielaget på kr 269 612.- På konto for Regionhistorieprosjektet   kr 1 151 945,- ink. renter.  Historielaget har til no overført til Fagboklaget samla kr 5 mill. Siste avdrag på kr 1,45 mill skal betalast til hausten.
Regionhistorie for Hardanger:
Arbeidet fylgjer oppsett plan og bokverket skal koma ut hausten 2013. Det har vore halde tre redaksjonsmøte og eit større seminar i Øystese 14. og 15. juni. Harald Hognerud er engasjert som biletredaktør. Det har vore tungt å skaffa restfinansiering, men styret har no på nyåret fått gode signal frå fleire instansar, så det ser ut som me skal koma vel i hamn på den sida òg.
Årsskriftet Hardanger:
Boka hadde dette året eit sidetal 232 med artiklar med tema godt spreidde geografisk. Kommunikasjonar i eldre og nyare tid i Hardangerområdet har vore eit gjennomgangstema i tillegg til artiklar om einskildpersonar og tidsfenomen. Skriftet har fått ei tiltalande utforming med gode illustrasjonar. Styret vil takka redaktørane for fin innsats.
Løyvingar:
Det førelåg i alt 12 søknader med ei søknadsramme på kr 160 000,- som viser stor interesse for dette høvet for medfinansiering av kulturelle tiltak. I alt 9 søkjarar fekk midlar fordelt slik:
Sverre Lillegraven/Bok med gamle fotografi frå Granvin-kr 8 000,-, Gunnvald Sekse/Bok om Vivelidkunstnarane-kr 5 000,-, Ulvik bondekvinnelag/Jubileumsbok kr 2 000,-, Kristi Skintveit/Bok om åkle-kr 5 000,-, Reidun Horvei/Folketonar i ventetida- kr 5 000,-, Arne Eriksen/Brevet frå Granvinsmeden/bok-kr 4000,-, Hardanger folkemusikksamling/Hardanger spelemannslag/Samtidsdokumentasjon av folkemusikk og folkedans-kr 5 000,-, Astrid Tofte Sekse/Spenningstilhøve mellom allmuge og bygdeelite kr 2 000,-,  Hordatun Folkehøgskule/Jubileumsbok kr 4 000,-. Totale løyvingar kr 40 000,-.
Vervefaldar:
Medlemstalet går nedover,  til no 939. For å prøva verva nye medlemmer har laget fått trykt ein vervefaldar. Helena Kjepso har hatt ansvaret for utforminga av denne. Faldaren er tenkt spreidd til bibliotek og andre offentlege kontor i heile Hardanger.
Hordaland Sogelag/årsmøte og lokalhistoriske dagar 16. og 17. mars 2013.
Etter initiativ frå Hardanger Historielag er arrangementet lagt til Tyssedal/Odda. Brita Jordal og Arne Aksnes frå styret har lagt ned eit stort arbeid i planleggjing og tilrettelegging av dagane. Hovudtema vil vera turisme, vasskraft og byutvikling i Odda og Tyssedal med fagforedrag av m.a. Knut Markhus og Randi Bårtvedt. Guida busstur i Odda og Tyssedal med forfattar/journalist Eva Røyrane. Fagforedrag og utferd vil vera opne arrangement for alle interesserte.
Representasjon:
Leiaren deltok på Hordaland sogelag sitt årsmøte på Stord 17. og 18. mars. Ho har vidare vore med på redaksjonsmøta til Regionhistorie for Hardanger.
Anna:
Hardanger Historielag sende høyringsmerknad til Kulturdepartementet i høve framlegg til endring av lov om stadnamn.
Ingen merknader til årsmeldinga.
Sak 7  Rekneskap 2012
Forretningsføraren Øystein Pugerud gjekk gjennom denne. Det har vore ein totalomsetnad i laget på kr 330 045,- og eit samla overskot på kr 18 376,-. Rekneskapen er revidert. Samrøystes godkjend.
Sak 8 Budsjett for 2013
Forretningsføraren la fram utkast til budsjett med ei kostnadsramme på kr 333 000,- og eit forventa overskot på kr 17000,-. Budsjettet samrøystes godkjent. Medlemspengar på kr 220 vert uendra.
Sak 9 Val
Leiaren i valnemnda, Kåre Grønsnes, la fram innstillinga og leia valet.
Leiar for eitt år: Marit Bleie Mannsåker vald v/akkl.
Styremedlemer valde for 2 år: Jarle Vangen, Odda, attval v/akkl. Olav Taskjelle, Granvin, ny vald v/akkl.
Varafolk i nummerorden valde v/akkl.
1. Brita Jordal, Odda (møter fast i styret),
2. Hildeborg Dalaker, Ulvik.
3. Otto Galtung, Jondal.
4. Odlaug Måge, Ullensvang.
5. Magnhild Brandstveit, Granvin.
Revisor(valde for eitt år).
Olaug Igland Bleie, Ullensvang. Vararevisor: Jakob T. Bleie, Ullensvang.
Valnemd:
Lars O. Bleie, Ullensvang, leiar 1 år att.. Hans S. Velken, Granvin for 2 år. Grethe Møllendal Hereid, Eidfjord, ny, for 3 år.
Varamedlem valnemda for eitt år: Kristi Skintveit, Jondal.
Utsendingar til årsmøtet i Hordaland Sogelag:
Årsmøtet skal vera 17. mars i Tyssedal i samband med Lokalhistoriske dagar. HH er vertslag og har dessutan rett på 5 utsendingar. Styret i HH vil vera til stades og representera lokallaget.
Lars Kvestad studerer statsrettsteori, og han arbeider med ein analyse av brevsamlingar i Hardanger med tilknytning til 1814. Han fekk presentera seg for årsmøtet.
Møtet slutt 1459.
I etterkant av årsmøtet var det fagforedrag. Sylfest Lomheim kåserte om Noreg som spåkleg annleisland med vekt på 3 hovudhendingar: 1879 undervisning på lokalt talemål, 1885 Jamstillingvedtaket for Landsmål og Riksmål og dialektane si styrkja stilling frå 1970-talet.
Ståle Dyrvik orienterte om arbeidet med Regionhistoria. Språkleg samordning av forfattartekstane kan verta ei utfordring.
Dag Grønnestad frå Fagbokforlaget orienterte om framdriftsplanen for verket.
Det var 40 frammøtte under denne bolken.
Arne L. Aksnes, ref.
Olav Skeie                                                                           Knut Nes

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag