Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 2012

Årsmøte i Hardanger Historielag 25. februar 2012 kl 1030 på Hardanger Folkemuseum Utne.

16 frammøtte medlemer.

Sak 1 Velkomen

Leiaren Marit Bleie Mannsåker ønskte velkomen.

Sak 2 Innkalling

Det var ingen merknader til innkallinga.

Sak 3 Sakliste

Denne var utdelt i forkant av møtet saman med årsmelding og rekneskap. Ingen merknader.

Sak 4 Konstituering

Marit Bleie Mannsåker vart vald til møtestyrar og Arne L. Aksnes til referent.

Sak 5 Val av to medlemer til å skriva under møteboka

Hildeborg Dalaker og Knut Nes, Ulvik, vart valde.

Sak 6 Årsmelding

Arne L. Aksnes gjekk gjennom denne. I tillegg til årsmeldinga vil ein få med at det vart halde middag på Utne Hotel for den gamle nemnda for regionhistoria pluss forfattarane for det nye verket. På denne tilstellinga fekk  Hardanger Historielag ei gåve på kr 100 000 frå Hardanger Folkeminnelag.


Årsmelding 2011

Styret i meldingsåret:

Marit Bleie Mannsåker, Odda, leiar vald for eitt år.

Jarle Vangen, Odda, nestleiar, vald til styret for 2 år i 2011.

Arne L. Aksnes, Norheimsund, skrivar, vald til styret for 2 år i 2010.

Anne-Kristine Mæland Måkestad, Grimo, vald til styret for 2 år i 2010.

Kristoffer Frimann Hjeltnes, Ulvik, vald til styret for 2 år i 2011.

Varamedlemer (valde for eitt år):

1. Brita Jordal, Odda, møter fast.

2. Hildeborg Dalaker, Ulvik.

3. Nils Årekol, Øystese.

4. Odlaug Måge, Nå.

5. Magnhild Branstveit, Granvin.

Revisor (valde for eitt år):

Olaug Igland Bleie, Nå.

Vara: Jakob T. Bleie, Nå.

Forretningsførar:

Øystein Pugerud, Grimo.

Valnemnd:

1. Liv Rumohr Selland, Granvin, leiar.

2. Kåre Grønsnes, Aga.

3. Lars O. Bleie, Nå.

Vara: Hans S. Velken, Granvin.

Redaksjonsnemnd for årboka "Hardanger" 2011:

Knut Markhus, Voss og Harald Hognerud, Tyssedal.

Årsmøtet 2011 vart halde på Hardanger Folkemuseum, Utne laurdag 19. februar 2011

21 medlemer møtte.

Årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjende. Rekneskapen viste eit overskot på

kr 93 033. Årsmøtet vedtok av kr 60 000 av overskotet vert stilt til disposisjon for Regionhistoria. Budsjettet for 2011 vart godkjent med eit forventa overskot på kr 4 000.

I 2011 hadde Hardanger Historielag 986 medlemer.

I etterkant av årsmøtet vart heiderskruset til Hardanger Historielag tildelt Oddmund Hus og Øystein Pugerud.

Fagforedraga var tilknytt arbeidet med Regionhistoria. Bård Gram Økland fortalde om Hardanger i forhistorisk tid og Martin Byrkjeland om samferdslesoga.

Styrearbeidet i meldingsåret:

Det er halde 5 styremøte og handsama i alt 36 bokførde saker, og i tillegg kjem mange orienteringssaker til styret.

Det er ikkje halde styreseminar i meldingsåret, men erfaringane er gode med tiltaket, og ein planlegg eit opplegg våren 2012 i samarbeid med lokalhistoriske krefter i Røldal.

Arbeidet med regionhistoria er i godt fagleg gjenge i regi av Fagbokforlaget, og styret har lagt ned ein god del arbeid med å sikra sluttfinansieringa av prosjektet. Det har vist seg vanskeleg å få det lokale næringslivet i regionen til å gå inn med midlar til eit så "tungt" kultur-tiltak.

Det er utarbeidd ein internt notat for arbeid med medlemsverving og andre aktivitetar.

Økonomi:

Årsrekneskapen for 2011 viser ein samla omsetnad på kr 386 531 og eit driftsoverskot på kr 70 511. Dette er mykje høgare enn det forventa overskotet i høve til budsjettet på kr 4 000. Det positive avviket skriv seg i hovudsak frå høgare andre inntekter enn pårekna.

Styret gjer framlegg om at kr 60 000 vert stilt til disposisjon for Regionhistorieprosjektet.

Regionhistorie for Hardanger:

Forfattarane er i godt gjenge med forsking og produksjon av manus. Det er Fagbokforlaget ved Dag Grønnestad saman med redaktørane Ståle Dyrvik og Edgar Hovland som følgjer opp dette arbeidet. Laget har kontakta foto- og arkivinstitusjonar for avtale om bruk av foto til bokverket. Det har vore halde 4 redaksjonsmøte i meldingsåret. I samband med forfattarseminar 18. og 19.02  på Utne, inviterte styret forfattarar og opphaveleg boknemnd til festmiddag på Utne hotell. Laget fekk der overrekt ein sjekk på heile 100 000 frå Hardanger folkeminnelag ved Oddmund Hus.

Årsskriftet Hardanger:

I 2011 var dette eit fellestiltak for Hardanger Historielag og jubileumsskrift for Hardanger Folkemuseum og innhald og vinkling er påverka av det. Det faglege innhaldet ligg på eit jamnt høgt nivå, med god grafisk utforming og gode illustrasjonar. Årsskriftet fekk god omtale i den lokale pressa.

Prosjekt

Alle ungdomskulane i regionen fekk tilbod om å delta i prosjekt også i 2011. På tampen av meldingsåret er årsskriftet for 2010 og 2011 sende ut saman med påminning om prosjektet. Me har ikkje fått tilbakemelding frå nokon skular i år.

Quiz

Hardangerquizen som vart utarbeidd i samband med skuleprosjektet, ligg på nettsidene hardanger-historielag.com og kan brukast av alle interesserte, ikkje berre skule-elevane.

Løyvingar:

Det kom inn i alt 8 søknader til styret med ein samla søknadssum på kr 91 000. 3 tiltak fekk tildelt midlar: Oddrun Stuland Olaussen -registrering av tekstilsamling- kr 10 000, Lars O. Bleie - Liv og lagnad på garden Indre Bleie, bokprosjekt - kr 10 000, Hardangerforlaget, Øystese-slektsbok i 3 bind frå Tørvikbygd til Gravdal i Kvam - kr 10 000.

Styret ønskjer å kunna styrkja denne budsjettposten då det er stor søknadspågang, og tiltak og einskildpersonar gjev uttrykk for takksemnd over tildelingane.

Nettsidene: www.hardanger-historielag.com

Her får ein basisinformasjon om arbeidet til laget og ein søkbar oversikt over artiklane i årshefta. Sidene har funne si form, men det er for liten tilgang på nytt materiale. Målet må vera at sidene skal verta meir oppdaterte. Styret går inn for at arbeidet på dette feltet bør få ein høgare prioritet.

Representasjon:

Leiaren, Marit Bleie Mannsåker, har representert Hardanger Historielag på årsmøtet til Hordaland Sogelag der Åsane historielag var tilskipar, og på årsmøtet til Landslaget for lokalhistorie på Ringerike folkehøgskule. Ho var òg vår representant på jubileumsmarkeringa for Hardanger Folkemuseum 7. mai 2011. Likeins ved redaksjonsmøte for Regionhistorien for Hardanger i Bergen den 3. desember.

Sak 7 Årsrekneskap 2011

Forretningsførar Øystein Pugerud gjekk gjennom dette. Rekneskapen syner ein totalomsetnad på kr 386 531 og eit overskot på kr 70 511. Samrøystes godkjent. Framlegget frå styret om å disponera kr 60 000 av overskotet til Regionhistoria.

 

Sak 8 Budsjett for 2012

Forretningsførar la fram utkast med ei omsetnadsramme på kr 346 000 og eit forventa overskot på kr 8 000. Budsjettet samrøystes godkjent.

Medlemspengane på kr 220,- vert uendra. Samrøystes godkjent. Framlegget frå styret om å disponera kr 60 000 frå overskotet i 2011 vart samrøystes godkjent.

Sak 9 Val

Lars O. Bleie la fram innstillinga frå valnemnda og leia valet.

Leiar: Marit Bleie Mannsåker, Odda, vald for 1 år ved akkl.

Styremedlemer for 2 år: Helena Kjepso, Kvam, ny og Arne L. Aksnes, Kvam, valde ved akkl.

Varafolk i nummerorden valde for eitt år:

1. Brita Jordal, Odda.

2. Hildeborg Dalaker, Ulvik.

3. Otto Galtung, Jondal, ny.

4. Odlaug Måge, Ullensvang.

5. Magnhild Brandstveit, Granvin.

Alle valde ved akklamasjon.

Revisor-for eitt år:

Olaug Igland Bleie, Ullensvang-attv..

Vararevisor - for eitt år:

Jakob T. Bleie, Ullensvang, attval..

Valnemd:

1. Kåre Grønsnes, Ullensvang-leiar-står eitt år til.

2. Lars O. Bleie, Ullensvang-står 2 år til.

3.Hans S. Velken, Granvin-ny-3år.

Varamann til valnemnda-1år-Grethe Møllendal Hereid, Eidfjord..

Utsending til årsmøtet i Hordaland Sogelag:

Marit Bleie Mannsåker.

Styret peikar ut varautsending.

Redaktørar for årsskriftet:

Knut Markhus, Voss, Harald Hognerud, Tyssedal og Ann Kristin (Tina) Kjerland, Ålvik

Forretningsførar:

Øystein Pugerud, Grimo.

Dei 2 siste oppnemningane er til orientering for årsmøtet då det ansvaret tilfell styret.

Program for bygdebokseminar 24. mars på Hardanger Folkemuseum, Utne, vart utdelt og gjort kjent for årsmøtet.

Leiaren takka til slutt Anne-Kristine Mæland Måkestad for 6 års aktiv innsats i styret samstundes som ho ønskte Helena Kjepso velkomen som ny i styret.

Møtet slutt 1115.

Fagforedraga hadde begge bakgrunn i arbeidet med Regionhistoria. Herdis Kolle tok for seg folkeskulehistoria i Hardanger og Knut Grove hadde dei frivillige organisasjonane i same området som tema.

Arne L. Aksnes, ref.

 

 

Årsmøte
Laurdag 25. februar kl 10.30
på Hardanger Folkemuseum, Utne
Vanlege årsmøtesaker
Kaffipause
Ope for alle:
Kl 11.30
Møte med to av forfattarane til den
nye regionhistorien for Hardanger
Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag