Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 2011

Årsmøte i Hardanger Historielag 19. februar 2011 kl 1030 på Hardanger Folkemuseum Utne.

    Sak 1 Velkomen

Leiaren Marit Bleie Mannsåker ønskte velkomen og orienterte om omlegginga til laurdag førmiddag som møtedag i staden for tradisjonen med sundagsmøte. Det var ingen merknader til dette. Ho orienterte og om fagforedraga i etterkant av årsmøtet.

21 frammøtte.

 Sak 2 Innkalling

Det var ingen merknader til innkallinga.

 Sak 3 Sakliste

Denne var utdelt i forkant av møtet saman med årsmelding og rekneskap. Ingen merknader.

 Sak 4 Konstituering

Marit Bleie Mannsåker vart vald til møtestyrar og Arne L. Aksnes til referent.

 Sak 5 Val av to medlemer til å skriva under møteboka

Nils Skaar, Norheimsund og Guttorm Rogdaberg, Nå vart valde.

 Sak 6 Årsmelding

ÅRSMELDING 2010  

  Styret i meldingsåret:

  Marit Bleie Mannsåker, Odda, leiar vald for eit år.

Jarle Vangen, Odda, nestformann, vald til styret for 2 år i 2009.

Anne- Kristine Mæland Måkestad, Grimo, vald for 2 år 2010.

Arne L. Aksnes, Norheimsund, skrivar , vald til styremedlem for 2 år 2010.

Kristoffer Frimann Hjeltnes, Ulvik, vald til styremedlem for 2 år 2009.

  Varamedlemer:

  1. Brita Jordal, Odda, møter fast.
  2. Hildeborg Dalaker, Ulvik.
  3. Nils Årekol, Øystese.
  4. Svein Haugen, Eidfjord.
  5. Odlaug Måge, Nå.

Revisor.

Svein Grønsberg.

Halldor O. Helleland (vara).

  Forretningsførar:

Øystein Pugerud.

  Valnemnd:

 Asbjørn Børsheim, Ulvik, leiar, Liv Rumohr Selland, Granvin og Kåre Grønsnes, Ullensvang.

vara Lars O. Bleie, Ullensvang for eit år.

  Redaksjonsnemnd for årboka "Hardanger" 2010:

Knut Markhus, Voss og Harald Hognerud, Tyssedal.

  Årsmøtet 2010 vart halde på Hardanger Folkemuseum, Utne, sundag 18. april 2010.

24 medlemer møtte.

Årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjende.

Rekneskapen viste eit overskot på kr 58 408 og kr 50 000 av dette vart avsett til Regionhistorieprosjektet. Budsjettet for 2010 hadde ei ramme på kr 330 000 og eit forventa overskot på kr 7 000. Medlemspengane for 2010 vart fastsett til kr 220.

Leiaren Marit Bleie Mannsåker vart vald til utsending til årsmøtet i Hordaland Sogelag.

Johan Vaa frå Rauland heldt eit engasjert foredrag om boka si "Langs Kvenna før og no" utgjeve av Telemark Historielag. Bokprosjektet har fått eit tilskot frå Hardanger Historielag på kr 10 000.

I 2010 har Hardanger Historielag 1002 medlemer.

Arne L. Aksnes gjekk gjennom denne. Samrøystes godkjend.

Sak 7 Årsrekneskap 2010

Forretningsførar Øystein Pugerud gjekk gjennom dette. Rekneskapen syner ein totalomsetnad på kr 375 377 og eit overskot på kr 93 033. Samrøystes godkjent. Framlegget frå styret om å stilla  kr 60 000 av overskotet til disposisjon for Regionhistoria vart samrøystes godkjent.

 Sak 8 Budsjett for 2011

Forretningsførar la fram utkast med ei omsetnadsramme på kr 353 000 og eit forventa overskot på kr 4 000. Budsjettet samrøystes godkjent.

Medlemspengane på kr 220 vert uendra. Samrøystes godkjent.

 Sak 9 Val

Kåre Grønsnes la fram innstillinga frå valnemnda og leia valet.

Leiar: Marit Bleie Mannsåker, Odda, vald for 1 år ved akkl.

Styremedlemer for 2 år: Jarle Vangen, Odda og Kristoffer Frimann Hjeltnes, Ulvik valde ved akkl.

Varafolk i nummerorden valde for eitt år:

  1. Brita Jordal, Odda.
  2. Hildeborg Dalaker, Ulvik.
  3. Nils Årekol, Kvam.
  4. Odlaug Måge, Ullensvang.
  5.  Magnhild Branstveit, Granvin.

Alle valde ved akklamasjon.

Revisor-for eitt år:

Olaug Igland Bleie, Ullensvang-ny.

Vararevisor - for eitt år:

Jakob T. Bleie, Ullensvang, ny.

 Valnemd:

1. Liv Rumohr Selland, Granvin - leiar står eitt år til.

2. Kåre Grønsnes, Ullensvang - står 2 år til.

3. Lars O. Bleie, Ullensvang - ny, vald for 3 år.

Varamedlem for eitt år.

Hans S. Velken, Granvin - ny.

 Utsending til årsmøtet i Hordaland Sogelag:

Marit Bleie Mannsåker.

Styret peikar ut varautsending.

 Redaktørar for årsskriftet:

Knut Markhus, Voss og Harald Hognerud, Tyssedal.

 Forretningsførar:

Øystein Pugerud, Grimo.

 Dei 2 siste oppnemningane er  til orientering for årsmøtet då ansvaret tilfell styret.

 Etter den formelle avsluttinga av årsmøtet delte leiar ut Hardanger Historielag sitt Heiderskrus til Oddmund Hus og Øystein Pugerud med stor takk for arbeidet med Regionhistoria. Ho takka vidare for den rause gåva på kr 100 000,- til Regionhistoria frå Hardanger Folkeminnelag. Svein Grønsberg, revisor i ei årrekkje, får tilsendt eit krus som takk for innsatsen.

 Marta Gjernes orienterte om arbeidet med ny bygdebok for Ullensvang.

Ståle Dyrvik er med i redaksjonen for Hardangerhistoria oppnemd av styret i HH. Han orienterte om arbeidet som no er no i godt gjenge og det vert lagt spesiell vekt på formidlingsaspektet i prosjektet og å få fram dei store samanhengane.

 Fagforedraga hadde begge bakgrunn i arbeidet med Regionhistoria. Bård Gram Økland tok for seg Hardanger i forhistorisk tid og Martin Byrkjeland hadde samferdsel og kommunikasjon som tema.

Til denne bolken var det 27 frammøtte.

 Arne L. Aksnes, ref.

  

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag