Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 2010

Årsmøte i Hardanger Historielag 18/4-2010 kl. 1630 på Hardanger Folkemuseum, Utne. 24 frammøtte.


Sak 1 Velkomen
Leiaren Marit Bleie Mannsåker ønskte velkomen til alle frammøtte og med ei spesiell helsing til foredragshaldaren, Johan Vaa, frå Rauland.

Sak 2 Innkalling
Ingen merknader.

Sak 3 Sakliste
Denne vart utdelt på møtet saman med årsmelding og rekneskap. Ingen merknader.

Sak 4 Konstituering
Marit Bleie Mannsåker vart vald til møtestyrar og Arne L. Aksnes til referent.

Sak 5 Val av to medlemer til å underskriva møteboka
Oddvar Ystanes, Norheimsund og Olav G. Åkre, Nå vart valde.

Sak 6 Årsmelding
Skrivaren las opp denne. Samrøystes godkjend.

ÅRSMELDING 2009  

Styret i meldingsåret:

Marit Bleie Mannsåker, Odda, leiar vald for eit år.
Jarle Vangen, Odda, nestformann, vald til styret for 2 år i 2009.
Anne-Kristine Mæland Måkestad, Grimo, vald for 2 år 2008.
Arne L. Aksnes, Norheimsund, skrivar, vald til styremedlem for 2 år 2008.
Kristoffer Frimann Hjeltnes, Ulvik, vald til styremedlem for 2 år 2009.

Varamedlemer:

1. Brita Jordal, Odda, møter fast.
2. Hildeborg Dalaker, Ulvik.
3. Nils Årekol, Øystese.
4. Svein Haugen, Eidfjord.
5. Odlaug Måge, Nå.

Revisor.
Svein Grønsberg.
Halldor O. Helleland (vara).

Forretningsførar:
Øystein Pugerud, Grimo

Valnemnd:
Hans Litlatun, leiar, Asbjørn Børsheim og Liv Rumohr Selland.

Redaksjonsnemnd for årboka "Hardanger" i 2009:
Lars O. Bleie, Inge L. Reinsnos, Knut Markhus og Harald Hognerud.

Årsmøtet 2009 vart halde på Hardanger Folkemuseum, Utne, sundag 19. april.
25 medlemer møtte. Fire 8. klasseelevar frå Hauso skule kåserte over temaet "Eg er harding, eg". Dette er ein del av skuleprosjektet i regi av Hardanger Historielag.
Årsmøtet vart leia av Marit Bleie Mannsåker. Årsmelding, rekneskap og budsjett vart godkjende. Medlemspengane vart auka til kr 200,- for 2010.
I etterkant av årsmøtet gav Guttorm Rogdaberg ei utførleg orientering om prosjektet Norsk Jordskiftesenter.

Arbeidet i meldingsåret:

De er halde 6 styremøte og to sammøte med Regionhistorienemnda og handsama i alt 45 bokførde saker i tillegg til ei rad meldingar til styret. Hovudsaka i meldingsåret er arbeidet med Regionhistoria for Hardanger. Styret sette 13/1 ned eit arbeidsutval for arbeidet med slik samansetnad: Marit Bleie Mannsåker, Arne L. Aksnes, Lars O. Bleie, Inge Reinsnos, Øystein Pugerud, Brita Jordal, Knut Markhus og Trude Letnes  Meir om dette i eige avsnitt.
Som ei overgang oppretta ein i møtet 14/4 ei redaksjonsnemnd for årsskriftet "Hardanger" som vist ovanfor.
Ordninga med styreseminar har halde fram. I 2010 var dette lagt til Ulvik der krigssoga var hovudtema første dagen. Andre dagen sto industrihistoria for Osa på programmet. Begge stader fekk ein framifrå orientering frå lokale fagpersonar. To medlemer frå det lokale sogelaget deltok og på den faglege delen av seminaret. På laurdagen var styret invitert til å halda møte med lunsj hjå Kr. Frimann Hjeltnes. Styret vurderer no å utvida tilbodet til ålmenta når det gjeld deler av fagforedraga i samband med styreseminara.

Økonomi:
Årsrekneskapen for 2009 viser ein samla omsetnad på kr 378 577,-  og eit overskot på kr 58 408,-
Dei samla innskotsmidlane var på kr 2 814 062,- herav kr 2 464 400,- avsett til regionhistorieprosjektet.

Regionhistorie for Hardanger:
I 2009 vedtok ein å utlysa dette som totalentreprise. Tilbodet gjekk til 5 forlag, og etter ein del rundar, sto ein att med Fagbokforlaget som einaste reelle interessent. Det er lagt mykje arbeid i kontraktsformulering og sikring av rettar og plikter i prosjektet. Svartveit Rådgjeving har vore engasjert her. I skrivande stund er den endelege avtalen klar for underteikning. Det har vore viktig for styret å sikra at verket Regionhistorie for Hardanger vert eit fullgodt fagleg produkt. Ut over allereie avsette midlar, forpliktar ein Hardanger Historielag til å gå inn med ytterlegare kr 850 000 i prosjektetperioden. Styret vurderer dette som fullt oppnåeleg.

Årsskriftet Hardanger:
Årsskriftet for 2009 har god grafisk kvalitet i tillegg til svært bra fagleg innhald. Styret vil gje redaksjonsnemnda full honnør for arbeidet.
Styret ser årsskriftet som ei hovudoppgåve for laget i alle normale driftsår, som ein vesentleg medlemsfordel og i tillegg som ei hovudkjelde for informasjon og interessevekking mot breiare grupper i samfunnet. Det er i meldingsåret utarbeidd instruks for artikkelforfattarane og redaksjonen.

Prosjekt: Ungdomsskuleprosjektet
Styret har følgt opp tiltaket som starta i førre meldingsår. Alle ungdomsskulane er tilskrivne og inviterte til alternative temaarbeid "Eg er harding, eg" eller "Skottehandel", men dette året melde ingen tilbake. Lærarar i indre Hardanger vart spesielt inviterte til føredrag ved Mikal Heldal om skottehandelen. Fleire av dei møtte.

Som nemnt under årsmøte, las elevar opp kvar sine kåseri. Laget, prosjektet og elevane fekk kort omtale/bilete i Lokalhistorisk magasin 2/2009.
Tre av elevtekstane frå skuleprosjektet i 2008/2009 vart trykte i årsskriftet Hardanger, ein frå kvar av dei deltakande ungdomsskulane Hauso, Kinsarvik og Norheimsund.

Quiz til Hardanger
Som del av ungdomsskuleprosjektet, har ei gruppe frå styret og gode medhjelparar laga spørjeoppgåver til ti årgangar av Hardanger, 1998 - 2007. Spørsmåla, 10 stykke til kvar årgang, er lagt ut på nettsidene til laget og kan brukast av alle interesserte. Første spørsmål finn ein svar på ved å bruka bibliografien som ligg på nettsidene.

 

Arrangement
I samarbeid med Hordaland Folkeakademi og Kinsarvik folkebibliotek, arrangerte HH ein føredragskveld i Kinsarvik onsdag 11. november 2009. Mikal Heldal heldt føredraget om Skottehandelen.  Ca 30 interesserte møtte.

Løyvingar:
Styret hadde ei ramme på kr 40 000 til dette formålet for meldingsåret. I samsvar med dette vart det gjeve følgjande løyvingar: Johan Vaa "Langs Kvenna før og no" bok om ferdsla mellom Hardanger og Telemark kr 10 000, Jordskiftesenteret/bok om jordskifte i Hardanger kr 10 000, Agatunet/arkiv etter Johannes P. Aga kr 10 000,
Anne Lutro/jonsokbryllauputstillingane kr 5 000, Knut Hamre/CD-produksjon for solo hardingfele 5 000,-.

Nettsidene: www.hardanger-historielag.com
Her får ein informasjon om arbeidet til laget, du kan handla bøker, registrera deg som medlem  og i tillegg er det utlagt ein quiz med tema frå årsskriftet Hardanger.
Nettredaktør er forretningsførar Øystein Pugerud og utforminga av sidene står Nikolas van Etten for. Hovudbolken er ein omfattande bibliografi over årshefta. Nikolas van Etten har tilrettelagt tingingsfunksjon for bøker og elles betring av innhald og funksjonalitet. Det gjennstår enno ein del før styret er fullnøgde med sidene. Ein ynskjer seg òg større aktivitet og oftare utskifting av stoff på sidene. 

Representasjon:
Marit Bleie Mannsåker deltok på seminar ved Hordamuseet 30.-31. oktober 2009 med tittelen "Kven eig historia?" om museumsinstitusjonane og dei frivillige historiesamlarane. Vidare  representert ho HH på årsmøtet i Hordaland Sogelag på Askøy 13. og 14. mars 2010.

 


Sak 7 Årsrekneskap 2009
Forretningsføraren la fram dette. Samrøystes godkjend.
Leiaren gjorde framlegg at kr 50 000 av årsoverskotet på kr 58 408,- vert overført til Regionhistorieprosjektet. Samrøystes godkjend.

Sak 8 Budsjett 2010
Forretningsføaren la fram dette. Det viser ein samla omsetnad på kr 330 000,- og eit forventa overskot på kr 7 000,-.
Samrøystes godkjend.
Medlemspengar for 2011. Framlegg på kr 250,- frå Arne L. Aksnes fekk 4 røyster. Framlegg om kr 220,- vart vedteke.

Sak 9 val
Kåre Grønsnes frå valnemnda la fram innstillinga. Han leia òg valet.

Leiar: Marit Bleie Mannsåker, Odda, vald ved akklamasjon.

Styremedlemer for 2 år. Anne Kristine Mæland Måkestad, Ullensvang og Arne L. Aksnes, Kvam valde v/akkl.
Frå før står: Jarle Vangen, Odda og Kristoffer Frimann Hjeltnes, Ulvik.

Varafolk i nummerorden valde for eitt år:
1. Brita Jordal, Odda.
2. Hildeborg Dalaker, Ulvik.
3. Nils Årekol, Kvam.
4. Svein Haugen, Eidfjord.
5. Odlaug Måge, Ullensvang.
Alle valde ved akklamasjon.

Revisor:
Svein Grønsberg, Lofthus. Vararevisor: Haldor Helleland, Lofthus.

Valnemnd:
1. Asbjørn Børsheim, Ulvik, leiar, står eitt år til.
2. Liv Rumohr Selland, Granvin, står to år til.
3. Kåre Grønsnes, Ullensvang,ny. Vald for tre år.
Varamedlem til valnemnda, vald for eitt år, Lars O. Bleie, Ullensvang, ny.

Utsending til årsmøtet i Hordaland Sogelag:
Marit Bleie Mannsåker. Styret peikar ut varautsending.

Redaktørar for årssskriftet:
Knut Markhus, Voss og Harald Hognerud, Tyssedal.

Forretningsførar: Øystein Pugerud, Grimo.

Dei to siste oppnemningane er til orientering for årsmøtet då ansvaret tilfell styret.

Sak 10 Formell oppløysing av Nemnda for Regionhistorie i Hardanger.
Denne nemnda er opphaveleg frå 2004.
Teke til vitande.

Etter at årsmøtet var formelt avslutta, takka Oddmund Hus avtroppande redaktørar Lars O. Bleie og Inge L. Reinsnos med at dei hadde kome verdig og vyrdeleg frå oppgåva. Dei fekk tildelt det nylaga heiderskruset til Hardanger Historielag. Kruset er produsert av Anke Puck.
Leiaren gjorde greie for dei nye vervekorta som HH har trykt opp. Desse vart delte ut. Ho takka og forretningsføraren, Øystein Pugerud for vel utført arbeid.
Ho la og fram tankane om ei noko fornya form for årsmøtet i framtida som forsamlinga tok vel mot.

Etter pausen heldt Johan Vaa eit engasjert foredrag omkring boka "Langs Kvenna før og no".
Boka er skriven av Johan Vaa og utgjeven av Telemark Historielag. Bokverket fekk i 2009 tildelt kr 10 000,- frå HH.

Arne L. Aksnes, ref.

 Oddvar Ystanes                                                                  Olav G. Åkre

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag