Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 2009

Årsmøtet vart halde på Hardanger Folkemuseum på Utne, sundag 19. april 2009, med ca 25 frammøtte.

Møte opna med fire friske kåseri av 8. klasseelvar frå Hauso skule. Dei kåserte over temaet "Eg er harding, eg". Det var Gunnhild Haustveit, Eirin Moss, Henrik Eide og Hilde Eiken, som gav oss eit innblikk i korleis det er å vera ung harding i dag.

Innkalling og saklista vart godkjende utan merknadar

Møtelyden valde leiar Marit Bleie Mannsåker til møteleiar og skrivar Anne-Kristine Måkestad til møteskrivar.  Lars O. Bleie og Frede Bleie vart valde til å underskriva møteboka.

Årsmeldinga:
Årsmelding for Hardanger Historielag  2008
Styret i meldingsåret:
• Marit Bleie Mannsåker (leiar)
• Jarle Vangen (nestleiar- vald for 2 år 2007)
• Anne-Kristine Mæland Måkestad (skrivar- vald for 2 år 2008)
• Arne L. Aksnes  (vald for 2 år 2008)
• Liv Rumohr Selland  (vald for 2 år 2007)
Varamedlemmer:
1. Brita Jordal  (møter fast)
2. Hildeborg Dalaker
3. Nils Årekol
4. Svein Haugen
5. Oddlaug Måge
Revisor
Svein Grønsberg 
Halldor O Helleland (vara)
Forretningsførar:
Øystein Pugerud
Valnemnd:
Sjur Sekse, Knut Stein Hildal og Hans Litlatun 
Asbjørn Børsheim (vara)
Redaktørar for årboka  "Hardanger":
Lars O. Bleie og Inge Reinsnos

Årsmøtet  2008 vart halde på Hardanger Folkemuseum 13. april 2008, nær 40 medlemmer møtte.  Etter dei formelle årsmøtesakene var det ei kort matøkt før Finn Måge  tok årsmøtelyden med på ei reise gjennom det gamle Hardanger ved hjelp av digitaliserte prospektkort.

Arbeidet i meldingsåret 
Styret har hatt  åtte møte og handsama 64 saker i meldingsåret.  Ikkje alle saker og planar er realiserte og sluttførde, sume heng med vidare i inneverande år. Styret har vidare hatt seminar på Sandven Hotell i Norheimsund. Hovudsaker har vore gjennomføring av prosjekt for ungdomsskulane og tilretteleggjing av arbeidet med Regionhistorie for Hardanger. Laget var medtilskipar av Hardangerseminaret i august 2008. Hardanger Historielag vart presentert som månadens lag på Landslaget for lokalhistorie sine nettsider i desember.

Årsskriftet Hardanger
Kvart år i dei hundre åra laget har eksistert  har årsskriftet Hardanger kome ut!  2008-utgåva var ekstra fyldig og påkosta. Tilgangen på artiklar er heldigvis god og det vert freista få til kjønnsmessig og geografisk balanse av stoffet.  Styret meiner redaktørane gjer eit svært godt arbeid som fortener betre godtgjering og har difor vedteke å heva redaktørhonoraret.

Ungdomsskuleprosjektet  - Dagen i dag vert historie i morgon .
Styret har i fleire år hatt tankar om å få i gang samarbeid med skulane i Hardanger.  Dette for å informera om lokalhistoria og kva kjelder som er tilgjengeleg i årbøkene.  Det passa godt å starte opp dette arbeidet no i jubileumsåret.
Alle ungdomsskulane har fått tilbod om å delta i eit skriveprosjektet og om å få supplere  skulebiblioteket med dei ti siste årbøkene. 
Elevane kunne velja mellom to ulike tema i skriveprosjektet , "Eg er harding eg!" og "Skottehandelen".
Det er  utarbeidd ein plakat for laget. Plakaten er tenkt til utdeling i lag med dei ti siste årsskrifta til alle ungdomsskulane i regionen, (vidare til bibliotek og museum.)
Norheimsund ungdomsskule, Røldal ungdomsskule, Granvin barne- og ungdomsskule, Kinsarvik skule og  Hauso skule har så langt svart på tilbodet og fått plakat og årsskrift.
8. klassingane ved Norheimsund ungdomsskule, Kinsarvik skule og Hauso skule har i tillegg arbeid med skriveprosjektet.  Laget tek vare på alle tekstane som ein samtidsdokumentasjon, og nokon av tekstane vil bli trykt i årboka.  
Laget har fått 8000,-kr i prosjektstøtte frå  Landslaget for lokalhistorie og vil føra arbeidet vidare også i neste skuleår.


Planar om å etablera fotodatabase
Styret har arbeidd vidare med planane om å samla inn digitaliserte foto frå medlemene og etablera ein fotodatabase. Det er utarbeidd eit notat, deltakarar på kurset i digitalisering i 2007 er kontakta og det viser seg at svært få har fylgt opp. Styret har no vedteke å leggja vekk planane om fotodatabase.

Nettsidene: www.hardanger-historielag.com
Nettredaktør er forretningsførar Øystein Pugerud og utforminga av sidene står Nikolas van Etten for. Hovudbolken er ein omfattande bibliografi over årshefta. Her kan du søkja på "emne", "hefte" (utgjevingsårstal), "forfattar" og "bibliografi" (artikkeloversikt) Slik har du fleire ulike inngangar for å kunna oppspora dei artiklane du er interessert i. I tillegg finn du opplysingar om lagsdrifta, oppgåver og nyhende på nettsidene. I meldingsåret  har det  vore arbeidd med å få opp tingingsfunksjon for bøker og elles betring av innhald og funksjonalitet


Hordaland sogelag sitt arbeid med temahefte
Styret har sagt seg positive til Hordaland sogelag sitt initiativ for å gje ut temahefte med artiklar frå lokallaga sine tidlegare utgjevingar av årshefte. Tiltaket starta opp i 2008. Brita Jordal er HH sin valde representant. Arbeidsgruppa hadde eitt møte med innleiande drøftingar i Bergen i desember 2008.

Hardangerseminaret 
I august var Hardanger Historielag medtilskipar for Hardangerseminaret 2008. Tema for seminaret var lokal- og slektshistorie i Hardanger med vekt på middelalderen. Initiativtakar var utflytta harding Odd Handegård, som hadde samla framståande slektsforskarar til å førelesa. Seminaret samla om lag 40 deltakarar på Hardanger folkemuseum, Utne 
Representasjon 
Ved tildeling av kongens fortenestemedalje til Oddmund Hus på Ullensvang hotell, møtte Brita Jordal frå laget.
Regionshistorie for Hardanger 
I meldingsåret vart det arbeidd vidare med finansieringa av regionshistorieverket. Arbeidet er no organisert slik: Hardanger Historielag ved styret har hovudansvar. Prosjektet vert lyst ut som totalentreprise til forlag. Ein leiger inn ekstern hjelp til utarbeiding/kvalitetssikring av kontraktar.  Ståle Dyrvik er oppnemnd  som frittståande fagkonsulent for bokprosjektet.  Det er sett ned eit arbeidsutval med slik samansetjing:  Lars O. Bleie, Inge Reinsnos, Øystein Pugerud , Knut Markhus,  Marit Bleie Mannsåker,  Arne L. Aksnes, Brita Jordal og Trude Hoflandsdal Letnes.  
Løyvingar
Prosjekta som fekk støtte ved tildelinga 2008 er: 
• Åse Teigland  -Slåttar på avvikande felestille,          
• Åse Teigland og Frank Rolland -Valsaspel , 
• Frank Rolland ved plateselskapet Ta:lik - Tradisjon etter Halldor Meland, Anders Kjærland, og Nils Rogdo,
• Benedicte Maurseth med fleire -Folketonar som Geirr Tveitt samla inn, 
• Rannveig Djønne -Spelferd heim,
• Utanom dei vanlege tildelingsråmene har Elisabeth N. Emmerhoff, Grimo fått støtte til kunstprosjektet Velure-Haustveit.
Samla sum 21 000 kroner.

Den framlagde årsmeldinga vart godkjend.

Rekneskapen:
Den framlagde rekneskapen vart godkjend.

Budsjett for 2009:
Det framlagde budsjettet vart godkjend med ei endring, posten for løyvingar vart sett til kr 40.000,- som var styret sitt framlegg. Leiar gjorde merksam på dette og grunngav auken som eit tiltak i Kulturminneåret 2009.

Medlemspengar:
Det vart vedteke å heva medlemspengane frå 2010 til kr 200,-

Val ved leiar i valnemnda, Sjur Sekse. 
Fylgjande val var samrøystes.
• Leiar: Marit Bleie Mannsåker (vald for eit år)
• Styremedlem Kr. Frimann Hjeltnes  (vald for to år)
• Styremedlem   Jarle Vangen (vald for to år)

Styremedlemer Arne L. Aksnes og Anne-Kristine Måkestad var ikkje på val og står eitt år til.
• Varamedlemer vald for eitt år:
1. Brita Jordal 
2. Hildeborg Dalaker  
3. Nils Årekol  
4. Svein Haugen 
5. Odlaug Måge

• Revisor: Svein Grønsberg,   vararevisor; Halldor Helleland.

• Valnemnd:
1. Hans Litlatun, leiar, står i eitt år
2. Asbjørn Børsheim, står i to år
3. Liv Rumohr Selland, står i tre år
Varamedlem, vald for eitt år, Kåre Grønsnes  

Etter årsmøtesakene var det ei kort matøkt, før Guttorm Rogdaberg gav møtelyden ei grundig og interessant orientering om prosjektet Norsk Jordskiftesenter, som er planlagd på Aga.

Lars O. Bleie       Frede Bleie

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag