Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 2008

Årsmøtet vart halde på Hardanger Folkemuseum på Utne, sundag 13. april 2008.

Leiar Kristian Djupevåg sette møtet og ynskte medlemene velkomene.
Djupevåg var møteleiar.

Ingen hadde merknader til innkalling og sakliste.

Årsmøtet valde Lars O. Bleie til skrivar.
Til å skriva under protokollen valde årsmøtelyden Sjur Sekse og Turid Asting Solberg.

Årsmelding

Styret i meldingsåret:
Kristian Djupevåg  (leiar)
Jarle Vangen (nestleiar)
Anne Kristine Mæland Måkestad (skrivar)
Liv Rumohr Selland
Jon Kolskår
Varamedlemar:
1.Brita Jordal
2.Hildeborg Dalaker
3.Nils Årekol,
4.Svein Haugen
5.Oddlaug Måge.

Revisor :
Svein Grønsberg og vararevisor Halldor O. Helleland

Forretningsførar:
Øystein Pugerud

Valnemnd :
Sjur Frimann Hjeltnes ( leiar), Sjur Sekse og Knut Stein Hildal.
Ny varamedlem Hans Litlatun.

Nemnd for utgjeving av "Regionshistorie for Hardanger" har vore  Inge Reinsnos, Lars O. Bleie  og Oddmund Hus.  Forretningsførar Øystein Pugerud er også tilknytt nemnda.

Redaktørar for årboka "Hardanger " er Inge Reinsnos og Lars O Bleie.


Årsmøtet
Årsmøtet 2007 vart halde på Hardanger Fokemuseum  22. april, med godt frammøte.
Etter dei formelle årsmøtesakene  viste Sverre Måkestad film og fortalde om den gamle oppgangssaga på Grind i Tørvikbygd.  
Etter matøkta vart det ei kort orientering om framdrifta i arbeidet med "Regionshistorie for Hardanger" ved Inge Reinsnos.
Årsmøtet vart avslutta med ei orientering om planane for arbeidet mot  jubileumsåret 2008.

Arbeidet i styret i meldingsåret
Styret har hatt 5 styremøte i meldingsåret.  Arbeidet har vore prega av at det den 19. januar 2008 var 100 år sida historielaget vart stifta,  og mykje av arbeidet har gått med til å planlegge ulike markeringar i jubileumsåret.
Styret har forhandla med Hardanger Folkemuseum og kome fram til ei ny samarbeidsavtale mellom historielaget og folkemuseet.
Me har arbeidd aktivt med å auka medlemstalet, mellom anna ved stand på Hardangerbokdagen, ved direkte kontakt og ved å tilby medlemskap som gåvekort (utsending i årsskriftet).  Laget har no ved overgangen 2007/2008 over 1000 medlemer. 
Nemnda for "Regionshistorie for Hardanger"
Nemnda har arbeidd aktivt med å sikra finansieringa av bokprosjektet. Det har vore fleire møter og drøfti


Jubileumsfesten
Historielaget  skipa til ein storstilt jubileumsfest på Krossvold på Lofthus, der laget vart skipa for 100 år sidan. Festen vart halden på skipingsdatoen 19. januar.  Jubilanten fekk gåver og helsingar frå inviterte  lag, Hardangerkommunane og fylket.  Festtalaren Magne Velure trekte historiske trådar frå skipinga og fram til i dag, han minna og om at det var Historielaget som i si tid etablerte Hardanger Folkemuseum. Oddmund Hus, som hadde skrive og framførde ny prolog til festen, vart utnemnd til æresmedlem som takk for mangeårig innsats for historielaget.  Det vart ei minnerik markering  med biletspel av Randi Storås, spel og song av Knut Hamre og Annlaug Børsheim og folkedans av Halldor Eidnes Folkedal.


Løyvingar
Styret innførde gjennom styrevedtak, at det frå og med 2007 vert tildelt midlar etter samla vurdering ein gong i året.
Det vart  gjeve løyvingar til to prosjekt i meldingsåret:
· Hardanger Folkemusikksamling ved  Reidun Horvei fekk 5.000,- kr til CD-produksjon av songar etter Ole Olsen Fykse .  
· Kristi Skintveit frå Jondal fekk  15.000,- kr til arbeidet med å dokumentere åklevevinga i distriktet.


Nemnda for "Regionshistorie for Hardanger"
Nemnda har arbeidd aktivt med å sikra finansieringa av bokprosjektet. Det har vore fleire møter og drøftingar med fylkeskommunen og nemnda fekk presentert søknaden sin for kulturutvalet i Hordland , som no støttar heilhjarta opp om bokprosjektet. Det er og sendt ut brev til ulike reiselivsbedrifter med oppmoding om støtte til prosjektet. 
Oddmund Hus sat i nemnda ut 2007 og Knut Markhus er vald inn som nytt medlem.

Hardanger Historielag er medlem i Hordaland Sogelag og deltok med to representantar, Brita Jordal og Anne-Kristine Mæland Måkestad,  på årsmøtet i Etne 9. mars 2008. 
Hordaland Sogelag arbeider mellom anna med eit større prosjekt om Skottehandelen saman med Hordamuseet,  Sunnhordland Museum og Kystsogevekene.    Sogelaget oppmodar medlemslaga i fylket til å ta del i innsamling av tradisjonsmateriale som knyter seg til Skottehandelen.  Styret i Hardanger Historielag ynskjer følgja opp dette ved å invitera klassar i  ungdomsskulane i Hardangerkommunane til å starta prosjektarbeid omkring temaet.


Den framlagde årsmeldinga vart godkjent utan merknader.

Rekneskapen
Forretningsføraren Øystein Pugerud gjekk gjennom rekneskapen og las opp revisjonsmelding frå Svein Grønsberg. Rekneskapen vart godkjend utan merknader.

Budsjett for 2008
Årsmøtet godkjende framlegget til budsjett.

Val
Valnemnda ved Sjur Sekse la fram si innstilling og fylgjande val var samrøystes:

Leiar: Marit Bleie Mannsåker,  Odda.

Styremedlemer; Arne L. Aksnes, Kvam,  vald for 2 år.
Anne Kristine Meland,   vald for 2 år.

Revisor: Svein Grønsberg,  Lofthus. Vararevisor: Halldor O. Helleland, Lofthus.

Valnemnd:
1. Sjur Sekse, Ullensvang, leiar, står 1 år til.
2. Knut Stein Hildal, Odda vald for 2 år.
3. Hans Litlatun, Eidfjord, vald for 3 år.

Varamedlem til valnemnda, vald for eitt år:
Asbjørn Børsheim, Ulvik.

Utsending til årsmøtet i Hordaland Sogelag:
Marit Bleie Mannsåker. (styret peikar ut varamannen)

Etter ei matøkt tok professor Finn Måge årsmøtelyden med på ei interessant ferd gjennom det gamle Hardanger ved hjelp av digitaliserte prospektkort.

Inge Reinsnos orienterte om arbeidet med regionsoga for Hardanger. 
Oddmund Hus har gått ut av nemnda og Knut Markus er utpeika til ny medlem.

Lars O. Bleie orienterte om Hardanger-seminaret, lokal- og slektshistorie i mellomalderen, som skal haldast på Hardanger Folkemuseum 23. og 24. august.

Oddmund Hus, som på 100 års festen til historielaget den 19. januar på Krossvoll vart utnemnd til heiderslagslem, fekk ved slutten av møtet overlevert diplom av Kristian Djupevåg som synleg prov på heideren.

Anne Kristine Mæland Måkestad
skrivar

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag