Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 2007

Årsmøtet vart halde på Hardanger Folkemuseum , søndag 22. april.

Kristian Djupevåg vart vald til møteleiar og Anne Kristine Mæland Måkestad til å skrive møteprotokoll.
Knut Nes og Torbjørn Dyrvik vart valde til å skriva under protokollen.

Sak 6 Årsmeldinga vart opplesen av leiar og godkjent med to rettingar.

Kurset i digitalisering av gamle bilete var februar 2007. 
Valnemnda har bestått av T. Dyrvik, S. F. Hjeltnes og Sjur Sekse.

Årsmelding 2006

Styret i meldingsåret: Kristian Djupevåg (leiar)
Jarle Vangen (nestleiar)
Hans Litlatun (skrivar)
Jon Kolskår
Anne Kristine Mæland Måkestad 
Varamedlemar til styret: 1. Brita Jordal
2. Hildeborg Dalaker
3. Nils Årekol
4. Svein Haugen
5. Oddlaug Måge 
Revisor: Svein Grønsberg
Halldor Helleland (vara) 
Forretningsførar: Øystein Pugerud 
Valnemnd: Torbjørn Dyrvik (leiar)
Sjur Frimann Hjeltnes

Nemnd for utgjeving av "Regionhistorie for Hardanger" er Inge Reinsnos, Lars O.Bleie og Oddmund Hus. Forretningsførar Øystein Pugerud er også tilknytta nemnda.

Redaktørar for årboka "Hardanger" har vore Inge Reinsnos og Lars O.Bleie.

Årsmøtet
Årsmøtet vart halde på Hardanger Folkemuseum 26. mars med svært bra frammøte.
Knut A. Bergsvik heldt foredrag om "Arkeologiske utgravingar av hellerar i Herand i 2005".
Etter dei vanlege årsmøtesakene var det orientering av Inge Reinsnos frå nemnda for "Regionshistorie for Hardanger" med særleg vekt på det som var skjedd etter orienteringa for styret.

Arbeidet i styret i 2006
Styret har hatt 3 styremøte, og saker som er handsama er m.a.:

Vervekampanje med vervepremiar og gåvekort. Redaktørane får fullmakt til å utforma vervekampanjen. 
Fast rutine for utdeling av tilskot. Leiaren og forretningsføraren valde til å laga opplegg for tildelingar. 
Rydding av loftet på Hardanger Folkemuseum, og ordning av nytt lager. 
Førebuing til 100-årsjubileumet i 2008. Følgjande valde til planleggingsnemnd: Anne-Kristin M. Mæland, Lars O. Bleie, Inge Reinsnos og Jarle Vangen. 
Regionshistoria - finansiering og samarbeid med Rokkansenteret. 
Fagseminar om "Regionshistoria". 
Kurs i fotodigitalisering arrangert på Hardanger Folkemuseum. Nemnda som stod for kurset var Olav Johannes Skeie frå Hordaland Folkeakademi, Brita Jordal og Oddmund Hus. 
Leiar har delteke på årsmøtet til Hordaland Sogelag i Uggdal på Tysnes 1. april. 
Nemnda for "Regionhistorie for Hardanger"
Nemnda har oppretta samarbeid med Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen for samarbeid om "Regionshistorie for Hardanger".
Nemnda har orientert om arbeidet sitt i Hardangerrådet og for kommunestyra i alle hardangerkommunane og i tillegg søkt økonomisk støtte hos desse og ein del andre institusjonar og verksemder.

Seminar og kurs
Laget saman med Folkeakademiet i Hordaland skipa til fagseminaret "Regionshistorie for Hardanger" på Hardanger Folkemuseum 3.-4.11. med god deltaking. Forelesarar var forskarar tilknytt Rokkansenteret og Historisk institutt.
Utpå ettervinteren vart det arrangert kurs i digitalisering av gamle bilete på Hardanger Folkemuseum.

Løyvingar
Det er gjeve løyvingar til: Lars Gardatun "Ola Garen: Fjellmannen frå Sysendalen som bygde Fossli Hotel" 
Dag Erik Færø Olsen "Aldersbestemming av funn ved utgraving i Jondal" 


Sak 7 Rekneskapet og budsjettet vart lagt fram av forretningsførar, og godkjend etter ein oppklarande debatt. K. Nes stilte spørsmål kring utgiftene til trykking av årboka. Årboka for 2006 var på ca 190 sider, mot 150 tidlegare. I tillegg var det fleire fargefoto , som var med å fordyra trykkinga. Det vart sagt at ein ynskjer å ha same omfanget i åra framover. 

Sak 8 Fastsetjing av medlemspengar. Styret hadde eit forslag på å heva medlemspengane med 10 kr. det kom forslaget frå Knut Nes om å heva dei til 175 kr og dette forslaget fekk flest stemmer.
Årspengane vart sett til 175,- gjeldane frå og med 2008. 

Sak 9 Valet vart leia av Torbjørn Dyrvik. Styret for 2007:
Leiar Kristian Djupevåg
Styremedlemmer vert Liv Rumohr Selland, Jarle Vangen, Jon Kolskår og Anne Kristine Mæland Måkestad.
Varemedlemmer vert Brita Jordal, Hildeborg Dalaker, Nils Årekol, Svein Haugen og Oddlaug Måge.
Revisor Svein Grønsberg og varerevisor Halldor O.Helleland
Valnemnd vert Sjur Frimann Hjeltnes ( leiar), Sjur Sekse og Knut Stein Hildal. Ny varemedlem er Hans Litlatun.
Utsending til årsmøtet i Hordaland Sogelag vart vald Kristian Djupevåg.

Etter dei formelle årsmøtesakene var det tid for litt åndeleg påfyll.
Sverre Måkestad var invitert av styret til å fortelje litt om den gamle oppgangsaga på Grinde i Tørvikbygd.
Dette gjorde han på ein framifrå måte, det vart eit lærerikt og interessant foredrag. Han viste ein film frå 1953 , laga av Norsk Film, som viste korleis saga fungerte og vart brukt. Han viste og filmopptak frå restaureringsarbeidet som vart gjort frå "Vernelaget for Grind" vart skipa i 1999 og fram til den var ferdigstilt.
Saga vert starta ein gong i året. Det var fleire i styret som vart freista til å ta turen til Augestad i Tørvikbygd 1. mai i år, som er dagen då dei startar Gindesaga i 2007.

Etter matøkta orienterte Inge Reinsnos litt om framdrifta i arbeidet med Regionsoga for Hardanger.
Mykje av arbeidet no har bestått av å skrive søknader om økonomisk støtte til prosjektet. Alle kommunane i Hardanger regionen har no gitt tilsegn om støtte.
Ein manglar likevel ein god del for å sette i gang med bokprosjektet. Forslaget om å starte opp utan fullfinansiering vart drøfta utan endeleg konklusjon. Ein ser då for seg at ein av dei lokale bankane eller kommunane garanterer for dei midlane ein manglar, med trygging i komande boksal.
Det kom forslag frå Sjur Frimann Hjeltnes om å ta kontakt med rådet for Hardangerbrua eller Statens Vegvesen som byggherrar, då dei har sett av ein del midlar til kulturtiltak.

Årsmøtet vart avslutta med ei lita orientering om planane for jubileumsåret 2008 ved Jarle Vangen. Det er vald ei nemnd, som i tillegg til Vangen består av Inge Reinsnos, Lars Bleie og Anne-Kristine M. Måkestad.
Det er planer om ein festmiddag på 100 årsdagen 19.januar 2008.
Ein ser det som ei hovudoppgåve å synleggjere historielaget dette året, ved å engasjerer fleire grupper, både unge og eldre.
Styret oppfordre alle som har gode idear til tiltak og aktivitetar om å ta kontakt!

Årsmøtet var slutt ca kl 18.00

Knut Nes Torbjørn Dyrvik

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag