Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 2006

Leiaren, Kristian Djupevåg, ønskte velkomen til foredragshaldar og dei om lag 35 medlemane som var møtt fram.

Han foreslo at punkt 8 på saklista - foredraget - vart halde i byrjinga av møtet. Det var ingen merknad til dette, og han gav då ordet til Knut A. Bergsvik som heldt foredrag om "Arkeologiske utgravingar av hellerar i Herand i 2005".
Etter foredraget var det høve til å koma med spørsmål.

Etter ein kaffipause starta sjølve årsmøtet.

Sak 1 Godkjenning av innkallinga. 
Her var det ein merknad om at det var ønskjeleg med to vekers forhandsvarsel og gjerne utlegging på heimesida til laget. Til det siste kunne Øystein Pugerud opplysa at årsmøtedato hadde lege ute på heimesida sidan februar. Til den andre merknaden vart det opplyst at vedtektene sa at det skulle vera to vekers forhandsvarsel.
Innkallinga vart godkjent med desse merknadane. 

Sak 2 Val av møtereferent. 
Hans Litlatun vart vald til å føra møteboka. 

Sak 3 Val av årsmøtenemnd. 
Her vart Torbjørn Dyrvik og Reidar Eikemo valde. 

Sak 4 Årsmelding

Årsmelding 2005

Styret i meldingsåret: Kristian Djupevåg (leiar)
Guttorm Rogdaberg
Jarle Vangen
Hans Litlatun
Kjell Kjærland 
Varamedlemmer til styret: Nils Årekol
Svein Haugen
Hildeborg Dalaker
Oddlaug Måge
Mikkjel Hoff 
Revisor: Svein Grønsberg 
Vararevisor: Halldor O.Helleland 
Valnemnd: Oddmund Hus (leiar)
Torbjørn Dyrvik
Sjur Frimann Hjeltnes

Nemnd for utgjeving av Distriktssoga har også i år vore Inge Reinsnos, Lars O.Bleie og Oddmund Hus. Forretningsførar Øystein Pugerud er også tilknytt nemnda.

Redaktørar for årboka Hardanger har vore Inge Reinsnos og Lars O.Bleie.

Arbeidet i styret 2005

Styret har halde 3 styremøter i 2005.

Det er gjeve løyvingar til: Knut Hamre - Ny musikk på Gamle feler 
Nils Årekol - Gamle utslotter i Kvam 
Hardanger Folkemuseum - Hundre år i Hardanger 
Haukenes utgjeving   
Til sammen kr. 20.000,-

Det er arbeidd mykje med førebuingar til Distriktssoga. Her må nemnast at nemnda har utført eit særdeles framifrå arbeid - utarbeiding av presentasjonsmateriale som inneheld svært gode planar for gjennomføring av prosjektet. Nemnda har også presentert prosjektet på ein framifrå måte for styret med varamedlemmer og seinare for Hardangerrådet. Styret er særs nøgde med nemnda sitt arbeid så langt.

Årboka Hardanger vart i år ferdig noko tidlegare enn vanleg og utsend til medlemmene og lagd ut for sal. Redaktørane har også i år gjort eit framifrå arbeid med boka.

Det er semje i styret om at Hardanger Historielag skal løyve pengar til gode prosjekt i bygdene sjølv om arbeidet med Distriktssoga pågår.

Det har vore drøfta måtar å rekruttera nye medlemmer til Historielaget. Styret er merksam på at ei "forgubbing" er på frammarsj. Dette er noko styret vil arbeida vidare med å forhindra.

Her var følgjande merknader:

Inge Reinsnos ville forandra ordlyden frå "forgubbing er på frammarsj" til "Styret er merksam på at gjennomsnittsalderen vert høg." 
"Utslotter" skulle vara "utslåtter". 
Årsmeldinga vart godkjend med desse merknadene. 

Sak 5 Rekneskap. 
Forretningsføraren, Øystein Pugerud, gjekk gjennom rekneskapen.
Rekneskakpen vart godkjend utan kommentarar. 

Sak 6 Budsjett 2006 
Forretningsføraren gjekk gjennom budsjettet.
Medlemspengar ligg uendra på 150 kr for 2007
Kjell Kjærland kommenterte at renteinntektene var vel optemistiske.
Budsjettet vart godkjent utan andre kommentarar. 

Sak 7 Val 
Leiaren i valnemnda, Oddmund Hus, la fram nemnda sitt forslag:
Leiar: Kristian Djupevåg, Kvam Attval Samrøystes vald for 1 år. 
2 styremedlemar: Jon Kolskår Ny Samrøystes vald for 2 år. 
Anne Kristine Mæland Måkestad, Ullensvang Ny Samrøystes vald for 2 år. 
Varamedlemar valde for 1 år: 1. Brita Jordal, Odda Ny Samrøystes vald 
2. Hildeborg Dalaker Attval " 
3. Nils Årekol, Kvam Attval " 
4. Svein Haugen, Eidfjord Attval " 
5. Oddlaug Måge, Ullensv. Attval " 
Valnemnd: Torbjørn Dyrvik vert leiar (etter vedtektene) og står eitt år til. 
Sjur Frimann Hjeltnes, står to år til. 
Som nytt medlem vart foreslått frå salen: Sjur Sekse, som vart samrøystes vald for tre år 
Varamedlem: Knut Hildal vart samrøystes vald for eitt år 
Andre val som valnemnda ikkje hadde handsama:
Forretningsførar og revisor er tilsette. Men i følgje vedtektene skal dei veljast på årsmøtet, og begge to vart samrøystes attvalde. 
Vararevisor: Haldor Helleland vart samrøystes vald 
Utsending til Hordaland Sogelag: leiaren vart samrøystes vald.
Styret fekk fullmakt til å velja vara for utsendingen.

Etter sjølve årsmøtet orienterte Inge Reinsnos om nemnda sitt arbeid - spesielt for den tida som var gått etter presentasjonen for styret.

Utarbeidd kompendiet "Regionshistorie for Hardanger" 
Ulike versjonar av Power-Point- presentasjonar for ulike forsamlingar 
Arbeidd med søknader - formulerte og målretta mot kvar einskild mottakar: 
Kommunar/herad i regionen, bankar og større bedrifter, Kraftlag, Hordaland fylke, Norsk Kulturråd 
Arbeidd med finansiering 
Vidare arbeid:

Orientering i kommunestyra i vår 
Få prosjektet fram i media 
Utarbeida brosjyre om prosjektet 
Finansieringsarbeid 
Organisasjonsmodellen 
Filosofien til nemnda var å gjera eit grundig forarbeid.

Etter orienteringa var det mange spørsmål, innlegg og gode råd for arbeidet vidare frå medlemane i salen - m.a. om:

Kostnaden og tidsramma 
Eigarskapen - Kva skjer vidare når nemnda trekkjer seg tilbake? 
Inge Reinsnos orienterte om ansvar og økonomi. Ein sekretær har det daglege ansvaret. Støttegrupper i kvar kommune. Hardanger Historielag er berre fødselshjelpar. Sjur Frimann Hjeltnes gav Hardanger Historielag det råd at dei måtte følgja godt med og pressa på. Kommunale nemnder var ofte trege. 
Presentasjonen må vera slik at også den unge generasjonen kan forstå og fatta interesse. 
Fleire var også opptekne av at laget måtte setja i gang medlemsverving. Medlemsmassen var fundamentet i Hardanger Historielag, blei det sagt.

Til slutt avsluttta leiaren og takka for frammøtet. Dette var det årsmøtet med størst frammøte som han kunne hugsa..

Torbjørn Dyrvik Reidar Eikemo Hans Litlatun (skrivar)

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag