Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 2004

Årsmøtet vart halde sundag 25. april 2004 i Øvre Eidfjord og tillyst til kl. 15.00 med omvising og framsyning av film på Hardangervidda Natursenter. Sjølve møtet starta omlag kl.16.00.

Det var ingen merknader til den utsende innkallinga og saklista. Knut Hildal bad laget om å bruka heimesida si meir aktivt, mellom anna med å leggja ut innkalling og sakliste for årsmøta der.

Til årsmøtenemnd vart valde: Oddmund Hus og Knut Hildal.

Styret la fram nytt framlegg til nye vedtekter som Lars O. Bleie og Øystein Pugerud hadde arbeidd ut. Paragraf 4 i den gamle lova vart teken ut, og dessutan skal varafolk til styret no skal veljast i nummerert rekkefylgje. Årsmøtet peika òg på at valnemnda må ta omsyn til at dei herada som ikkje er representerte i styret, må få ein framskoten plass på varamannslista.

Årsmelding og rekneskap.
Årsmeldinga vart vedteken med ein del endringar. I årsmeldinga hadde styret understreka at det var turvande å auka posten "løyvingar" munaleg, ut frå ynsket om å kunna stø fleire verdfulle søknader. Årsmøtet sa seg usamd i det prinsippet og meinte at posten måtte setjast opp meir i samsvar med tidlegare vedtak.

Det var ingen merknader til rekneskapen. Samrøystes vedteken.

Budsjettet vart vedteke med dette brigdet: Posten "løyvingar" vart etter framlegg frå årsmøtet vedteken med kr. 30 000 mot styret sitt framlegg på kr. 60 000. I den samanheng vart det mellom anna mint om laget sine planar om å gje ut ei distriktssoge for Hardanger.

Val.
Leiar, vald for 1 år: Kristian Djupevåg, Kvam.
Styremedlemmer, attvalde for 2 år:
Guttorm Rogdaberg, Ullensvang
Kjell Kjerland, Granvin.
I styret frå før:
Hans Litlatun, Eidfjord.
Jarle Vangen, Odda.
Varafolk til styret:
l. Hildeborg Dalaker, Ulvik.
2. Oddlaug Måge, Ullensvang.
3. Nils Aarekol, Kvam.
4. Svein Haugen, Eidfjord.
5. Inge L. Reinsnos, Ullensvang.
Revisor:
Halldor O. Helleland. Vara: Svein Grønsberg.
Utsending til Hordaland Sogelag:
Leiar Kristian Djupevåg. Varautsending: Inge L. Reinsnos.
Valnemnd:
Einar Richter Hansen (Granvin), leiar, Oddmund Hus (Ullensvang), og Torbjørn Dyrvik (Ulvik), ny.
Alle val var samrøystes.

Distriktshistorie for Hardanger.
Etter matøkt i kafeen til natursenteret, heldt Inge Reinsnos eit oversynleg innlegg om ei distriktshistorie for Hardanger, og synte m.a. til Ståle Dyrvik sin artikkel i tidsskriftet for 1998. Årsmøtet gjorde vedtak om å velja ei ny nemnd til å arbeida vidare med spørsmålet om å gje ut ei distriktshistorie for Hardanger. Desse vart valde:
Lars O. Bleie, Oddmund Hus og Inge Reinsnos. Nemnda kan sjølv velja eitt medlem til om det er trong for det.

Kjell Kjerland, skrivar.
Oddmund Hus (s) / Knut Hildal (s).

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag