Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 2003

Årsmøtet vart halde i Holvenstova, Bygdetunet i Granvin, sundag 11. mai 2003.

Før årsmøtet vart sett, fekk dei frammøtte omvising i Bygdetunet. Omvisar Kjell Kjerland.
Leiar Kristian Djupevåg sette møtet og ynskte medlemene velkomne. Djupevåg var møteleiar.

Innkalling og sakliste
Ingen hadde merknader.

Årsmøtenemnd
Desse vart føreslegne til å skriva under møteprotokollen: Hans Haugse og Asbjørn Haustveit.

Årsmelding
Skrivar las årsmelding for 2002. Det vart påpeikt frå Lars O. Bleie; at han ikkje var leiar i valnemnda, men fungerte for Steinar Kristensen. Årsmeldinga vart godteken, med denne merknaden.

Årsmelding 2002

Styret i meldeåret:
Kristian Djupevåg (Kvam), leiar.
Guttorm Rogdaberg (ullensvang), nestleiar.
Inge L. Reinsnos (Odda), skrivar.
Inger Lægreid (Eidfjord), styremedlem.
Kjell Kjerland (Granvin), styremedlem.

Personlege varafolk:
Nils Årekol (Kvam).
Oddlaug Måge (Ullensvang).
Åshild Korssund (Odda).
Hans Litlatun (Eidfjord).
Hildeborg Dalaker (Ulvik).

Revisor: Halldor O. Helleland. Vararevisor: Svein Grønsberg.

Utsending til Hordaland Sogelag: Kristian Djupevåg.
Varautsending: Inge L. Reinsnos.

I meldeåret har det vore halde to styremøte. Det er gjeve løyvingar til fylgjande arbeid i distriktet: Dagfinn Instanes-cd ved Reidun Horvei, bok om gamle postkort frå Eidfjord og Nils Årekol si bok om Slettedalen. I tillegg har Tørvikbygd Bygdetun fått gåve.

Redaktørskifte i "Hardanger"
Bjarne Tresnes Sørensen har slutta som redaktør i "Hardanger". I siste årboka frå handa hans (2002), takka han for seg og ynskte laget lukke til vidare.
Redaktørar for "Hardanger" 2003 vert Lars O. Bleie, 5776 Nå og Inge L. Reinsnos 5778 Utne.

Rekneskap
Forretningsførar Øystein Pugerud synte rekneskapen, og gjekk igjennom denne med årsmøtelyden. Revisjonsmeldinga frå Svein Grønsberg vart opplesen.
Rekneskapen vart godkjend.

Budsjett for 2003
Budsjettet vart gjennomgått på same måte. Herunder nemnde forretningsførar at det til dags dato var brukt kr 8000.- på posten løyvingar. På posten står att kr 10000.
Det vart føreslege ikkje å auka kontingenten.
Årsmøtet godkjende framlegg til budsjett.

Val
Valnemnda si innstilling vart lagt fram, og fylgjande val var samrøystes:

Til styret:
Kristian Djupevåg (Kvam) 2 år. Attval.
Jarle Vangen (Odda) 2 år. Ny.
Hans Litlatun (Eidfjord) 2 år.

Leiar:
Kristian Djupevåg (Kvam), attval for 1 år.

Personlege varafolk:
Nils Årekol (Kvam) 2 år. Attval.
Inge L. Reinsnos (Ullensvang) 2 år.
Svein Haugen (Eidfjord) 2 år. Ny.

Valnemnd:
Johannes Augestad (Kvam). Leiar.
Einar Richter Hansen (Granvin).
Oddmund Hus (Ullensvang).
Vara: Torbjørn Dyrvik (Ulvik).

Inge L. Reinsnos (skrivar).
Årsmøtenemnd: Hans Haugse og Asbjørn Haustveit.

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag