Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 2002

Årsmøte 2002 vart haldt sundag 28. april i kaffistova til husmorlaget i Tørvikbygd.

Leiar, Kristian Djupevåg, yngskte dei 15 frammøtte velkomne til det 94.årsmøte i laget si historie.
Kristian Djupevåg vart vald til møteleiar.
Einar Richter-Hanssen vart vald til møtereferent.
Merknad til innkalling: Knut Hildal meinte ein burde ha hatt logoen i lysinga. Med denne merknaden vart innkallinga godkjend.
Merknad til saksliste: ingen.

Sak 1. Val av årsmøtenemnd
Lars O.Bleie (Ullensvang) - 1 år.
Johannes Augestad (Kvam) - 1 år.

Sak 2. Årsmelding
Leiar las styret si årsmelding for kalenderåret 2001. Merknader: ved ein glipp vart det ikkje vald varamann for Kristian Djupevåg på årsmøtet 2001. Redaktør Bjarne Sørensen flyttar frå Hardanger, men kan vera redaktør eit år til. Med denne merknaden vart årsmeldinga samrøystes godkjend.

Årsmelding 2001

Styret i meldeåret
Kristian Djupevåg (Kvam) - 2 år - vald av årsmøtet som leiar for 1 år (ny for Arne Gjerstad).
Gunnvor Bodil Lothe (Ullensvang) - 1 år - nestleiar.
Einar Richter-Hanssen (Granvin) - 1 år - skrivar.
Inger Lægreid (Eidfjord) - attval for 2 år.
Inge L.Reinsnos (Odda) - attval for 2 år.

Personlege varafolk i same rekkefylgje:
Asbjørn Haustveit (Ullensvang) - 1 år.
Hildeborg Dalaker (Ulvik) - 1 år.
Jakob Sæbø (Eidfjord) - attval for 2 år.
Åshild Korssund (Odda) - attval for 2 år.

Revisor: Per Hallstengård - attval for 1 år.

Vararevisor: Halldor O. Helleland, Lofthus - attval for 1 år.

Valnemnd:
Steinar Kristensen (Odda) - leiar.
Lars O. Bleie (Ullensvang).
Johannes Augestad (Kvam) - ny for Knut Nes.
Oddmund Hus (Ullensvang) - varamedlem - attbal.

Utsending til Hordaland Sogelag: Kristian Djupevåg.
Varautsending: Bjarne Sørensen.

Årsmøtenemnd:
Lars O.Bleie (Ullensvang) - 1 år.
Kjell Kjerland (Granvin) - 1 år.

Redaktør av "Hardanger": Bjarne Sørensen.

Forretningsførar: Øystein Pugerud.

Styret har i meldeåret hatt tre møte der det har vore handsama i alt 19 saker.

Tilskot
Styret fekk inn to søknader:
1) Hero Media, videodokumentar "Nytt liv i gamle fruktsortar". Etterløyving kr. 2000.
2) Nils Årekol og Eiliv Villand, boka "Steinbryne". Løyvd kr. 4000.

Laussalspris
Ny pris på "Hardanger" i laussal er kr. 150.

Trykking av tidsskriftet
Etter innhenting av tilbod valde styret å la Odda Trykkeri få trykkinga. Dei låg kring kr. 3000 under i pris.

Seminar 2002. Hardangervidda
Styret har kontakt med Telemark Historielag om eit eventuelt seminar om Hardangervidda 25. og 26.mai 2002. Seminaret vert tenkt gjennomført som eit samarbeid mellom Hardanger Historielag, Telemark Historielag, Nore og Uvdal Historielag og Rauland Historielag. Det er ynskje om foredrag innafor fem emne: Busetnad, handel og ferdselvarer/-vegar, kulturminne, rein og turisme.

Heimeside
Styret har løyd kr. 20 000 til oppretting av heimeside. Sjå årsmelding 2000. Nikolas van Etten, Odda, har laga eit utkast som vart presentert før jul.

Sak 3. Rekneskap
Øystein Pugerud la fram rekneskapen for 2001. Kristian Djupevåg las revisjonsmeldinga: rekneskapen som svarar til innsendte bilag og syner eit overskot på kr. 138 750 inklusive renter. Post "Krav" gjeld medlemspengar som er betalde i desember 2001, men føres i 2002. Tre konti er samanslegne og overførde til ein særvilkårkonto. Det vart reist spørsmål om bruken av overskotet. Arne Gjerstad og leiar orienterte om planane for ei distriktssoge. Det er vanskeleg å få tak på Ståle Dyrvik som har mykje å gjera, men styret arbeidar med saka. Rekneskapen vart samrøystes godkjend.

Sak 4. Budsjett
Øystein Pugerud la fram budsjett for 2002. Laget hadde ved årsskiftet 980 medlemer. Post "Renter"; renter på særvilkår er gått ned. Post "Medlemspengar"; dei er no kr. 120 og styret foreslår å auka dei til kr. 140. Knut Hildal meinte det ikkje var grunn til ei slik kraftig auke. Leiar sa det ville kosta meir å senda ut heftet då portoen har stege. Han var no kr. 13,50 pr. utsending og ville koma på om lag kr. 22 for det nye årsheftet. Ein kunne ikkje sjå at det var andre rimelegare måtar å senda ut heftet på. Å nytta lag eller organisasjonar var inga god løysing. Mot ei røyst vart det vedteke å auka medlemspengane. Budsjettet vart deretter samrøystes godkjend.

Sak 5. Val
Valnemnda si innstilling vart lagd fram. Fylgjande val vart gjort samrøystes.

Styret:
Guttorm Rogdaberg (Ullensvang) - ny for Gunnvor Bodil Lothe som hadde sagt frå seg attval.
Kjell Kjerland (Granvin) - ny for Einar Richter-Hanssen som hadde sagt frå seg attval.

Leiar:
Kristian Djupevåg (Kvam) - attval for 1 år.

Varamedlemer til styret:
Oddlaug Måge (Ullensvang) - ny for Asbjørn Haustveit.
Hildeborg Dalaker (Ulvik) - attval for 2 år.
Nils Årekol (Kvam) - varamann for Kristian Djupevåg.
Hans Litlatun (Eidfjord) - 1 år - ny for Jakob Sæbø som har bede seg friteken.

Revisor: Halldor O. Helleland - ny for Per Hallstengård som har sagt frå seg attval.

Vararevisor: Svein Grønsberg.

Utsending til Hordaland Sogelag: Kristian Djupevåg.
Varautsending: Inge L.Reinsnos.

Valnemnd:
Lars O.Bleie (Ullensvang) - leiar.
Johannes Augestad (Kvam).
Einar Richter-Hanssen (Granvin) - ny for Steinar Kristensen.

Oddmund Hus (Ullensvang) - varamedlem - attval.

Etter matøkta orienterte leiar om Hardangervidde-seminaret på Skinnarbu Høgfjellshotell i mai 2002, og Øystein Pugerud presenterte heimesidene til laget ledsaga av ljosbilete.


Referent: Einar Richter-Hanssen

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag