Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 2001

Årsmøtet 2001 vart halde sundag 6.mai 2001 i Tingstova på Utne.

Leiar, Arne Gjerstad, ynskte dei 15 frammøtte velkomne til det 93. årsmøte i laget si historie. Deretter fortalde Olav Nordal om tingstova si historie. Arne Gjerstad vart vald til møteleiar. Einar Richter-Hanssen vart vald til møtereferent. Merknad til innkalling: ingen. Merknad til saksliste: ingen.

Val av årsmøtenemnd
Lars O.Bleie (Ullensvang) - 1 år.
Kjell Kjerland (Granvin) - 1 år.

Årsmelding 2000
Leiar las styret si årsmelding for kalenderåret 2000. Kjell Kjerland spurde om laget ville oppretta heimeside. Styret har løyvd pengar til det. Lars O.Bleie nemnde at ein måtte prøva å halda på det noverande formatet på tidsskriftet slik at det vart lettare å binda dei inn. Med desse merknader var årsmeldinga samrøystes godkjend.

Årsmelding 2000

Styret i meldeåret
Arne Gjerstad (Kvam) - 1 år - vald av årsmøtet som leiar for 1 år. Gunnvor Bodil Lothe (Ullensvang) - attval for 2 år - nestleiar. Einar Richter-Hanssen (Granvin) - attval for 2 år - skrivar. Inge L.Reinsnos (Odda) - 1 år. Inger Lægreid (Eidfjord) - 1 år.

Personlege varafolk i same rekkefylgje: Kristian Djupevåg (Kvam) - 1 år. Asbjørn Haustveit (Ullensvang) - attval for 2 år. Hildeborg Dalaker (Ulvik) - attvall for 2 år. Åshild Korssund (Odda) - 1 år. Jakob Sæbø (Eidfjord) - 1 år
Revisor: Per Halstengård - attval for 1 år. Vararevisor: Halldor O. Helleland, Lofthus - attval for 1 år.

Valkomite: Knut Nes (Ulvik) - leiar. Steinar Kristensen (Odda). Lars O.Bleie (Ullensvang) - ny for Frøystein Rasch-Halvorsen. Oddmund Hus (Ullensvang) - varamedlem - ny for Lars O.Bleie.

Utsending til Hordaland Sogelag: Bjarne Sørensen. Varautsending: Arne Gjerstad.

Årsmøtenemnd: Lars O.Bleie (Ullensvang) - 1 år. Olav Nordal (Ullensvang) - 1 år. Asbjørn Haustveit (Ullensvang) - varamedlem.

Redaktør av "Hardanger": Bjarne Sørensen.

Forretningsførar: Sidsel Aas Pugerud.

Styret har i meldeåret hatt tre møter der det har vore handsama i alt 29 saker.

Tilskot
Styret fekk inn åtte søknader og av desse vart to avslege. 1) Hardanger Folkemusikksamling, utgjeving av Håstadbø-CD. Løyvd kr. 3000 frå 1999-budsjettet. 2) Hero Media, videodokumentar "Nytt liv for gamle fruktsortar". Løyvd kr. 1000 i direkte støtte og kr. 2000 til kjøp av videofilmar frå 1999-budsjettet. 3) Hardanger Folkemusikksamling, CD med Ingeleiv Kjerland Kvammen og Olav Kvammen. Løyvd kr. 1000. 4) Kjell Kjerland, Arne-Ivar Kjerland og Olav Johs.Skeie, seminar om Thrond Sj.Haukenæs. Løyvd kr. 3000 frå 1999-budsjettet. 5) Otto Hopen, nyare gardssoge for Øvre Børve. Løyvd kr. 1500. 6) Jubileumsheftekomiteen for Utne Grannahus, jubileumshefte. Løyvd kr. 3000.

Trykking av tidsskriftet
Etter innhenting av tilbod valde styret å la Odda Trykkeri få trykkinga. Dei låg nærare kr. 20 000 under i pris i høve til konkurrentane. Sjå elles pkt. Meldingar i årsmøterapporten 2000.

Samling av kontiane til særvilkårskonto
Unnateke brukskontoen er dei andre kontiane til laget samla på ein særvilkårskonto i Sparebanken Hardanger til 7% rente.

Sal av eldre årgangar av "Hardanger" til redusert pris
For bestilling direkte til laget - og så langt beholdninga rekker - gir laget respektive 20, 30, 40 og 50 % rabatt for kjøp frå over kr. 500, 1000, 2000 og 3000. Ei forutsetning er at kjøparen er medlem av laget eller vil melda seg inn.

Heimeside
Styret vil arbeida for å få oppretta ei heimeside på internet for laget.

Distriktssoga
Som nemnt i årsmeldinga for 1999 arbeider styret med å knyta kontakt til professor Ståle Dyrvik i samband med strategien framover. Han har diverre hatt andre gjeremål, men leiar er blitt lova eit møte i månadsskiftet mai-juni 2001.

Rekneskap
Øystein Pugerud la fram rekneskapen for 2000. Revisjonsmelding: Rekneskapen er gjennomgått og funne i orden. Posten "Tilskot"; kr. 20 000 frå fylket og kr. 17 500 frå Opedalsfondet. Posten "Ref. porto/andre inntekter"; m.a. kr. 10 000 i prisreduksjon på tidsskriftet og kr. 3 500 i tilbakebetalt arbeidsgjevaravgift. Posten "Frakt/porto"; er for to år, kr. 8 500 gjeld 1999. Posten "Ymse"; berbar PC til redaksjonelt bruk. Posten "Gjeld"; medlemspengar som forfallar. Posten "Krav"; lysingar som ikkje er betalde. Det vart opplyst om at tidsskriftet var momsfritt frå i fjor og at det var von om å få ettergjeve moms for dei siste ti åra. Forretningsførar arbeider med saka. Rekneskapen vart samrøystes godkjend.

Budsjett
Øystein Pugerud la fram budsjett for 2001. Arne Gjerstad meinte ein måtte ta høgde for eventuell oppstart med distriktssoga. Med denne merknaden vart budsjettet samrøystes godkjend.

Val
Knut Nes la fram valnemnda si innstilling. Fylgjande val vart gjort samrøystes: Styret:
Inger Lægreid (Eidfjord) - attval for 2 år. Inge L.Reinsnos (Odda) - attval for 2 år. Kristian Djupevåg (Kvam) - ny for Arne Gjerstad (Kvam) som skriftleg hadde sagt frå seg attval.
Leiar: Kristian Djupevåg - 1 år.
Varamedlemer til styret: Jakob Sæbø (Eidfjord) - attval for 2 år (for Inger Lægreid). Åshild Korssund (Odda) - attval for 2 år (for Inge L.Reinsnos).
Revisor: Per Hallstengård - attval for 1 år. Vararevisor: Halldor O.Helleland - attval for 1 år.
Utsending til Hordaland Sogelag: Kristian Djupevåg. Varautsending: Bjarne Sørensen.
Valnemnd: Steinar Kristensen (Odda) - leiar. Lars O.Bleie (Ullensvang). Johannes Augestad (Kvam) - ny for Knut Nes. Oddmund Hus (Ullensvang) - varamedlem - attval.

Inge L.Reinsnos ynskte på vegne av styret og historielaget Kristian Djupevåg velkomen som leiar, og overrakte Arne Gjerstad ei avskjedsgåve.

Årsmøtet vart avslutta med matøkt og eit interessant kåseri av Lars O.Bleie, "Tradisjonar kring kyrkjegangen".


Referent: Einar Richter-Hanssen

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag