Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 2000

Årsmøtet 2000 vart halde sundag 9.april 2000 på Utne Hotel på Utne.

Nestleiar, Gunnvor Bodil Lothe, ynskte dei 14 frammøtte velkomne til det 92.årsmøte i laget si historie. Gunnvor Bodil Lothe vart vald til møteleiar. Einar Richter-Hanssen vart vald til møtereferent. Ingen merknad til innkalling. Merknad til saksliste: Bjarne Sørensen foreslo at eit punkt "Meldingar" vart set til etter pkt. "Medlemspengar". Med denne merknaden vart sakslista godkjend.

Protokoll 1999
Frede Bleie og Reidar Storaas i årsmøtenemnda har godkjent årsmøtereferatet.

Årsmelding 1999
Skrivar las styret si årsmelding for kalenderåret 1999. Samrøystes godkjend. Vedk. pkt. Distriktssoge: Bjarne Sørensen orienterte om sin kontakt med Ståle Dyrvik som er oppteke av at arbeidet skal koma vidare. Oppgåva til interimsstyret er å trekkja arbeidet i gang og skapa interesse i m.a. kommunane og Hardangerrådet. Totalt vil utgiftene til ei distriktssoge truleg koma på 3 millionar kroner (jfr. Strile-soga). Laget på si side kan stille ein halv million kroner. Målet må vera å få soga ferdig til laget sitt hundreårsjubileum.

Val av årsmøtenemnd
Lars O. Bleie (Ullensvang) - 1 år. Olav Nordal (Ullensvang) - 1 år. Asbjørn Haustveit (Ullensvang) - varamedlem.

Årsmelding 1999
Styret i meldeåret
Inge L. Reinsnos (Odda) - attval for 2 år - vald av årsmøtet som leiar for 1 år. Gunnvor Bodil Lothe (Ullensvang) - 1 år - nestleiar. Einar Richter-Hanssen (Granvin) - 1 år - skrivar. Arne Gjerstad (Kvam) - attval for 2 år - styremedlem. Inger Lægreid (Eidfjord) - 2 år - styremedlem (ny for Steinar Kristensen).
Personlege varafolk i same rekkefylgje: Åshild Korssund (Odda) - attval for 2 år. Asbjørn Haustveit (Ullensvang) - 1 år. Hildeborg Dalaker (Ulvik) - 1 år. Kristian Djupevåg (Kvam) - attval for 2 år. Jakob Sæbø (Eidfjord) - attval for 2 år.
Revisor: Per Halstengård (Ullensvang) - attval for 1 år.
Vararevisor: Halldor O. Helleland, Lofthus - 1 år (ny for Lars J. Låte).
Valnemnd: Frøystein Rasch-Halvorsen (Kvam) - 1 år. Knut Nes (Ulvik) - 2 år. Steinar Kristensen - ny for Frede Bleie.
Lars O. Bleie (Ullensvang) - varamedlem, ny for Leiv Vambheim.
Utsending til årsmøtet i Hordaland sogelag: Einar Richter-Hanssen (Granvin). Arne Gjerstad - varautsending.
Årsmøtenemnd: Frede Bleie (Ullensvang). Reidar Storaas (Kvam). Lars J. Låte (Odda) - varamedlem.
Redaktør av "Hardanger": Bjarne Sørensen.
Forretningsførar: Sidsel Aas Pugerud.
Styret har i meldeåret halde eit møte der det har vore handsama i alt 5 saker.

Vedtektstillegg
Framlegg om tillegg i Hardanger Historielag sine vedtekter §5 vart lagt fram på årsmøtet 1999 og vedteke der. Det lyder no: "Årsmøtet vel ei nemnd på 2 personar og 1 varamedlem for 1 år. Desse skal godkjenna årsmøtereferatet seinast 1 månad etter siste årsmøtet".

Distriktssoge for Hardanger
Styret sette ned eit interimsstyre på tre medlemer, Inge L. Reinsnos, Bjarne Sørensen og Einar Richter-Hanssen, for å få i gang eit forprosjekt for distriktssoga. Det har vore teke kontakt med professor Ståle Dyrvik om ein vidare strategi for arbeidet. Årsmøtet 1999 vart orientert om saka. Ein visar også til årsmelding for 1998.

Rekneskap
Revisor Per Halstengård la fram rekneskap for 1999. Rekneskapen er revidert og underskriven av revisor. Posten "Løyvingar" står med 0, men dei budsjetterte pengane er løyvde i 2000. Auka sal av lysingar skuldast at leiar fekk kommunane til å koma med helsing i tidsskriftet. Når det galdt kontiane "Hard. Hist. fond" og "Distriktshistorie" kom det fram ynskje om å slå dei saman. Årsmøtet oppmoda styret til å undersøkja saka, og samstundes få tak i gamalt arkivmateriale om laget dersom det er mogeleg. Årsmøtet oppmoda også styret til å jobba for å få best mogeleg rentevilkår for laget sine konti. Med desse merknadane vart rekneskapen samrøystes godkjend.

Budsjett
Revisor Per Halstengård la fram budsjett for 2000. Samrøystes godkjend.

Val
Lars O. Bleie la fram valnemnda si innstilling. Fylgjande val vart gjort samrøystes: Styret: Gunnvor Bodil Lothe (Ullensvang) - attval for 2 år. Einar Richter-Hanssen (Granvin) - attval for 2 år. Leiar: Arne Gjerstad - 1 år.
Varamedlemer til styret: Asbjørn Haustveit (Ullensvang) - attval for 2 år (Gunnvor Bodil Lothe). Hildeborg Dalaker (Ulvik) - attval for 2 år (Einar Richter-Hanssen).
Revisor: Per Halstengård - attval for 1 år. Vararevisor: Halldor O. Helleland, Lofthus - attval for 1 år.
Utsending til Hordaland Sogelag: Bjarne Sørensen. Varautsending: Arne Gjerstad.
Valkomite: Knut Nes (Ulvik) - leiar. Steinar Kristensen (Jondal). Lars O. Bleie (Ullensvang) - ny for Frøystein Rasch-Halvorsen. Oddmund Hus (Ullensvang) - varamedlem, ny for Lars O. Bleie.

Medlemspengar
Nestleiar fremja forslag om ein auke av medlemspengane til kr. 120. Trykkekostnadane og porto til tidsskriftet vil auke grunna stadig større papirutgifter for trykkeria. Laget må kanskje også skifta trykkeri som kan verta dyrare. Laget treng pengar til distriktssoga, og det vil verta fire år sidan siste auke då auken først får verknad frå 2001. Samanlika med andre distriktslag er også medlemspengane små. Samrøystes vedteke.

Meldingar
Skriftstyrar Bjarne Sørensen orienterte om den dårlege kvaliteten på trykkinga av tidsskriftet 1999. Det er frest og limt i staden for sydd, noko som har ført til at margane er blitt kortare. Forsidebiletet er særs dårleg og nokre av hefta har også dårleg trykk. Trykkeriet har beklaga - dette er ingen god reklame korkje for laget eller Øystese trykkeri. Skriftstyrar har vore i kontakt med faktor og han vil koma med eit tilbod om reduksjon av trykkerirekninga. Til no har laget betalt 2/3 av ho. Øystese Trykkeri har alltid trykt tidsskriftet. Ein viktig årsak til at laget har nytta Øystese Trykkeri, er at det ligg mykje under i pris - opp til 30-40 000 kroner - samanlikna med andre trykkeri.
Arne Gjerstad orienterte om Hordaland Sogelag sitt møte. Emne på møtet var biletmaterialet som historisk kjelde: innsamling, bevaring og restaurering ved hjelp av data, arkivering av gamalt materiale. Vidare var det ei orientering på Hardanger Fartøyvernsenter og biletspelet "Nordlandsfarten".
Årsmøtet sende Inge L. Reinsnos ei helsing og ynskte han god betring.

Etter årsmøtet vart det først matøkt. Deretter heldt museumsdirektør Ågot Gammersvik eit levande kåseri om "Fjordfiske etter laks", godt illustrert med ljosbilete. Enno er det sju laksegiljer att i Osterfjorden som eit minne om ein spanande og interessant del av Hordaland si soge. Det vart likevel ikkje berre ein kulturhistorisk slutt på årsmøtet, men også ein musikalsk. Dei som ynskte det, kunne til redusert pris, gå på "Rudl & Reel" - konserten på Hardanger Folkemuseum.


Referent: Einar Richter-Hanssen

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag