Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årsmøte 1999

Årsmøtet 1999 vart halde sundag 11. april 1999 på Vestnorsk Industristadmuseum i Tyssedal.

Leiar, Inge L. Reinsnos, ynskte dei 16 frammøtte velkomne til det 91. årsmøte i laget si historie med ei instruktiv orientering om museet. Oddmund Hus vart vald til møteleiar. Einar Richter-Hanssen vart vald til møtereferent. Det var ingen merknader til saksliste og protokoll. Merknad til innkalling: Knut Hildal etterlyste ei påminning i avisene mellom siste innkalling og årsmøtet. Merknad til årsmeldinga frå Knut Hildal om kvifor ikkje årsmelding og rekneskapen var lagt ut, og om ein skulle gje ei gåve kvar gong medlemstalet passerte 1000. Til det siste spørsmålet må styret presisera at det galdt ei medlemsverving.

Årsmelding 1998.

Styret i meldeåret
Inge L. Reinsnos (Odda) - 1 år - vald av årsmøtet som leiar for 1 år. Steinar Kristensen (Jondal) - 1 år - nestleiar. Arne Gjerstad (Kvam) - 1 år - styremedlem. Gunnvor Bodil Lothe (Ullensvang - 2 år - styremedlem (ny for Anne Lutro). Einar Richter-Hanssen - attval for 2 år - skrivar.
Personlege varafolk i same rekkefylgje: Åshild Korssund (Odda) - 1 år. Jakob Sæbø (Eidfjord) - 1 år. Kristian Djupevig (Kvam) - 1 år. Asbjørn Haustveit (Ullensvang) - attval for 2 år. Hildeborg Dalaker (Ulvik) - attval for 2 år.
Revisor: Per Halstengård (Ullensvang) - ny for 1 år.
Vararevisor: Lars J. Låte.
Utsending til årsmøtet i Hordaland sogelag: Einar Richter-Hanssen (Granvin). Inge L. Reinsnos (Odda) - varautsending. Leiar har motteke invitasjon, men han er forlagt og diverre gått i gløymeboka.
Valnemnd: Frede Bleie (Ullensvang) - 1 år. Frøystein Rasch-Halvorsen (Kvam) - 2 år. Knut Nes (Ulvik) - ny for Sverre Lillegraven. Leiv Vambheim (Eidfjord) - 1 år - varamedlem - ny for Knut Hildal.
Redaktør av "Hardanger": Bjarne Sørensen. Forretningsførar: Sidsel Aas Pugerud.
Styret har i meldeåret halde fire møte der det har vore handsama ialt 15 saker.

Tilskot
Styret fekk inn to søknader. 1) Odda mållag, utgjeving av bok om stadnamn i Odda. Løyvd kr. 1500. 2) Vestnorsk Industristadmuseum i Tyssedal søkte om å få gratis bøker og hefte som historielaget har gjeve ut. Vedteke å gje slike som gåve mot at museet har "Hardanger" i sal i kommisjon.

Gåver
1) I samband med 90-års jubileet og "Den internasjonale bokdagen" 23.april fekk kvar skule i Hardanger fire bøker av tidsskriftet "Hardanger" 1994-97 som gåve. Kvar skule fekk og tilbod om eit år gratis medlemsskap. 2) Medlem nr. 1000 fekk sju innbundne årgangar av "Hardanger".

90-års jubileum og seminar
Historielaget var 90 år i meldeåret og styret ynskte å markera denne storhendinga med eit kulturhistorisk seminar. Jubileumsfeiringa og arbeidet med seminaret tok mykje tid. Men arbeidet gav gode frukter då seminaret ble vellukka. Seminaret vart halde på Utne Grannahus laurdag og sundag 18. og 19.april med kring 50 deltakarar. Føredragshaldarane var flinke formidlarar og det faglege innhaldet låg samstundes høgt. Føredraga vart trykte i årsskriftet som var mykje utvida i høve til tidlegare år. Det sosiale samveret vart ivareteken med m.a. ei festsamkoma på Utne Hotel og ein kulturkveld i årestova på Hardanger Folkemuseum om laurdagen.

Logo for Hardanger Historielag
Ein viser til årsmeldingar for 1996 og 1997. Ny logo for historielaget vart teken i bruk.

Distriktssoge for Hardanger
I august 1983 vart det nedsett eit utval samansett av dåverande førsteamanuensis Ståle Dyrvik, professor Lars Hamre, formann i Hardanger Historielag, Johannes Kvestad, og museumsstyrar Magne Velure som hadde som oppgåve å skissera opp planar for korleis ei distriktssoge for Hardanger skulle organiserast, finansierast m.m. Utvalet sitt arbeid nedfelte seg i eit seminar 1984. Sidan har arbeidet stått i stampe. Styret ser dette som ei viktig sak og vil arbeida vidare med ho slik at ei distriktssoge skal bli ein realitet. 90-års jubileet blir ein ny skuv for arbeidet med distriktssoga.

Rekneskap
Forretningsførar Sidsel Aas Pugerud la fram rekneskap for 1998. Rekneskapen er revidert og underskriven av Per Halstengård. Rekneskapen syner eit overskot på kr. 30 285. Postane "Renter" og "Medlemspengar" auka monaleg. Det vart underskot på seminaret og utgiftene til årsskriftet auka. Det skuldast både auka trykkeutgifter og at skriftet var større enn vanleg. Posten "Gjeld" omfattar m.a. trykking av årsskriftet, men som er betalt i januar 1999. Samrøystes godkjend.

Budsjett
Forretningsførar la fram budsjett for 1999. Det er rekna med eit overskot på kr. 33 370. Posten "Refundert porto" går no inn i posten "Medlemspengar". Samrøystes godkjend.

Medlemspengar
Framlegg frå leiar om same årspengar som i 1998. Samrøystes godkjend.

Tillegg til vedtektene
Styret kom med framlegg om eit tillegg i vedtektene § 5: "Årsmøtet vel ei nemnd på 3 personar for 1 år. Desse skal godkjenna årsmøtereferatet seinast 1 månad etter siste årsmøtet". Bjarne Sørensen kom med framlegg om at nemnda skulle vera samansett av 2 medlemer og 1 varamedlem. Årsmøtet godkjende samrøystes tillegg til vedtektene § 5 som no lyder: "Årsmøtet vel ei nemnd på 2 personar og 1 varamedlem for 1 år. Desse skal godkjenna årsmøtereferatet seinast 1 månad etter siste årsmøtet".

Val
Frede Bleie la fra valnemnda si innstilling. Fylgjande val vart gjort samrøystes: Styret: Inge L. Reinsnos (Odda) - attval for 2 år. Arne Gjerstad (Kvam) - attval for 2 år.
Inger Lægreid (Eidfjord) - 2 år, ny for Steinar Kristensen som sa frå seg attval. Leiar: Inge L. Reinsnos -attval. Varamedlemer til styret: Åshild Korssund (Odda) - attval for 2 år (Inge L. Reinsnos). Kristian Djupevåg (Kvam) - attval for 2 år (Arne Gjerstad). Jakob Sæbø (Eidfjord) - attval for 2 år (Inger Lægreid).
Merknad frå Arne Gjerstad og Steinar Kristensen om at det er ynskjeleg at Jondal får eit medlem i styret på eit seinare tidspunkt.
Revisor: Per Halstengård - attval for 1 år. Vararevisor: Halldor O.Helleland, Lofthus - 1 år, ny for Jakob J. Låte.
Utsending til Hordaland Sogelag: Einar Richter-Hanssen.
Varautsending: Arne Gjerstad.
Framlegg frå årsmøtet (samrøystes godkjende): Valkomite:
Frøystein Rasch-Halvorsen (Kvam) - leiar. Knut Nes (Ulvik).
Steinar Kristensen (Jondal) - ny for Frede Bleie. Lars O. Bleie (Ullensvang) - varamedlem, ny for Leiv Vambheim.
Årsmøtenemnd: Frede Bleie (Ullensvang) - 1 år. Reidar Storaas (Kvam) - 1 år. Lars J. Låte (Odda) - varamedlem.

Distriktssoga
Leiar orienterte om det førebuande arbeidet med distriktssoga. Styret har sett ned ei nemnd på 3 personar og har vore i kontakt med professor Ståle Dyrvik. Prosjektet kan kosta 3-4 millionar kroner og kommunane må sjølvsagt inn. Ein plan må liggja klar før ein set i gang. Historielaget med sine midlar kan vera ein tenningsmotor som set arbeidet i gang, men styret har ikkje kapasitet til å styra skrivearbeidet. Det må difor setjast ned ei eige distriktssogenemnd.

Årsskriftet
Redaktøren orienterte om årskriftet. Stofftilgangen er rimeleg god. Det har heile tida vore eit mål at det skulle vera bidrag frå samtlege kommunar. Eidfjord har såleis mangla, men no ser det ut til at interessen auker der.

Leiar takka på vegner av Hardanger Historielag Steinar Kristensen for innsatsen for laget, og overrekte han boka "En reise i vannets historie" av Terje Tvedt. Leiar takka vidare Frede Bleie for innsatsen og overrekte han boka "Dei finaste band", forteljingar frå Odda 1890-1960.
Etter årsmøtet vart det eit rikt og samanset program. Fyrst synte ein museet sitt biletspel "Industrieventyret". Deretter guida Inge L. Reinsnos oss kring på kraftstasjonen. Så var det kunstvandring på Tyssedal Hotell, fylgd av ein herleg fiskemiddag. Til slutt var Lars J. Låte guide på ein busstur til Skjeggedal og Ringedalsdammen, eit spanande landskap. I det heile ei lærerik og koseleg avslutning på eit godt årsmøte.


Referent: Einar Richter-Hanssen.

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag