Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Årmøte 2016

Årsmøte og miniseminar om frukt

Me ønskjer vel møtt til årsmøte i Hardanger Historielag  sundag 3. april kl 17 på Hardanger folkemuseum.

Seminardelen i år handlar om frukt. Lars O Bleie, mangeårig fruktdyrkar,  ser på den historiske utviklinga av næringa. Korleis skaffa fruktdyrkarane seg kunnskap ? Kva rolle spela til dømes fotograf  Knud Knudsen ? Asbjørn Børsheim, frå Ulvik frukt&cideri, legg  vekt på siderprodusjon i sitt innlegg;  produktutvikling, samarbeid med andre land og  Hardanger-profil. Det vert ope for drøftingar og spørsmål etter innlegga. Merk dykk at seminardelen er open for alle interesserte.

Årsmøtet for medlemmer startar kl 17, seminar  om frukt kl 17.30.

Elles vert det open  kafé med kaffi og heimebakst, i museumsbutikken kan ein kjøpa praktverket Hardanger ei regionhistorie mellom anna.

Me ønskjer velkomen sundag 3. april!

 

 

Årsmøte
Laurdag 25. februar kl 10.30
på Hardanger Folkemuseum, Utne
Vanlege årsmøtesaker
Kaffipause
Ope for alle:
Kl 11.30 Møte med to av forfattarane til den
nye regionhistorien for Hardanger
Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag